Film

Spenning i detaljane

Etterforskningen er noko så unikt som ein heider­leg, saktegåande, men medrivande krim.

Drapseininga til politiet i København etterforskar drapet på Kim Wall.
Drapseininga til politiet i København etterforskar drapet på Kim Wall.
Publisert

Drapsetterforskarsjef ved politiet i København, Jens Møller Jensen (Malling), leier laget av etterforskarar som prøver å finna ut om Peter Madsen tok livet av Kim Wall. Aktor i saka, Jakob Buch-Jensen (Asbæk) slit med å få nok bevis til å døma den mistenkte.

Respektfullt

Eg må innrømma at eg har sedvanleg interesse for det makabre, og få saker har vorte meir pikante og makabre enn den danske ubåt­saka der journalist Kim Wall vart funnen partert på botnen av Køge bugt. Slike scenario skal liksom berre skje i fiksjonskrim. Ein meir guffen fyr enn den no dømde gjerningspersonen skal ein vel leita lenge etter i røynda, difor er det ekstra tilfredsstillande at han ikkje vert nemnd ein einaste gong ved namn i serien. Det er heller ikkje naudsynt, for her er det kva som vert sagt på politikontoret og mellom etterforskarsjef Møller Jensen og aktor Buch-Jensen, som står for framdrifta. Ved å lata foreldra til Kim Wall få framtredande roller, spelte av Lassgård og August, kjem det betre fram kven offeret var. Ofte endar offeret nærast opp i bakgrunnen meir enn noko anna i mange filmatiserte drama. Det var eit ekte, levande, verdifullt menneske som mista livet omtrent tilfeldig og fordi ho utførte yrket sitt. Det skulle berre mangla at det var gjerningspersonen som enda i bakgrunnen.

Uvanleg god

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement