Film
Sosialskrekkfilm
Du får ikkje mange pusteromma i Ken Loachs siste glefs mot etablissementet.
Ricky (Kris Hitchen) og Abbie (Debbie Honeywood) saman med borna, spelte av Katie Protector og Rhys Stone.
Foto: Joss Barratt / Norsk Filmdistribusjon
Det er ikkje lett å få endane til å møtast i familien Turner. Pappa Ricky (Hitchen) jobbar som pakkebod, og mamma Abbie (Honeywood) er heimehjelp hjå gamle og funksjonshemma. Ungane går på skulen, eller skulkar, og det siste Ricky treng, er at tenåringssonen Seb hamnar i trøbbel.
Avmakt
Det er tid for nok ei overskya historie frå gode Ken Loach. Sist han var ute med pisken, var det trygdesystemet i Storbritannia som fekk gjennomgå i den sviande Jeg, Daniel Blake (2016). Og piskar vidare gjer han, no med harmdirrande refs av mangelfullt regelverk for mellombels tilsette.
Det er grunn til å ta filmen innover seg også her til lands – av ein eller annan uforståeleg grunn likar Noreg å følgja etter med alle dei toskne ideane liberalismen på dei britiske øyane har ført med seg. Maktesløysa blant det som framleis kan kallast arbeidarklasse der borte, ligg i kvar pore i huda og kvar pose under auga på Ricky og Abbie.
Den største faren med Sorry We Missed You er at misera verkar så komplett at det nesten vert parodisk. Det skrik «sosialrealisme» frå fyrste stund, slik at kjensla av å venta på at noko fælt skal skje, festar seg så fort at det vert vanskeleg å slappa av med dei mange fine, menneskelege møta som gjer at filmane til Loach er så utruleg sjåverdige. Men når det er sagt, så tvilar eg på at intensjonen var å få publikum til å kosa seg her.
Fyskam
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.