Film
Sosialiseringsrealisme
Takk til Ali & Ava som ikkje problematiserer problem meir enn nødvendig.
Ava og Ali er to einsame sjeler som møtest i den nordengelske byen Bradford.
Foto: Arthaus
I ein del av Bradford held det på å skjera seg mellom Ali (Akhtar) og kona Runa (Torchia). I eit anna nabolag har lærarassistent og åleinemor Ava (Rushbrook) hendene fulle i ungar, barnebarn og elevar. Det skal ikkje meir til enn at Ali har bil, og Ava seier ja til skyss, for at ballen byrjar rulla.
Forholda
Regissør Clio Barnard er trygt tilbake i Yorkshire, som også handlinga frå The Arbor (2010), The Selfish Giant (2013) og Dark River (2017) er lagd til. Ho kjenner desse traktene, og meir enn noko er dette ei hyllest til ein av dei kanskje mest utskjelte byane i Storbritannia, Bradford. Ein fjerdedel av innbyggarane er muslimske, noko som har gjeve byen rykte for å vera ein yngleplass for islamistisk ekstremisme.
Det eg verkeleg likar med Ali & Ava, er korleis Barnard ikkje prøver å underslå at byen har ei stor innbyggjargruppe med innvandrarbakgrunn, men dei er ikkje framandgjorde eller putta i stereotype boksar som drosjesjåførar eller strenge patriarkar med sterk, sørasiatisk aksent. Heller ikkje er det gjort noko nummer av at Ava skal vera ein del eldre enn Ali. Måtte det koma fleire slike samansette og nyanserte framstillingar av både sosiale forhold og kjærleiksforhold!
Multi
Ali vimsar rundt med kaps, treningsbukse og brei yorkshiredialekt. Eg tippar at hadde eg treft han, hadde eg vorte både irritert og sjarmert av den rause, vimsete framtoninga hans. Ava, som har fire ungar, ikkje alle med same far, og opptil fleire barnebarn, blir totalt overrumpla av han, og med ei rad dårlege forhold bak seg er det ikkje rart ho har eit par atterhald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.