JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Sorg og samliv

Love Life er både dramatisk og nedtona på same tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I filmen Love Life lever Geko eit hyggeleg og fredeleg liv med ektemannen Jiro og sonen Keita, heilt til det oppstår ein tragedie.

2811
20231124
2811
20231124

Drama

Regi: Kôji Fukada

Love Life

Med: Fumino Kimura, Kento Nagayama, Atom Sunada
Kinofilm

Det er duka for feiring av både vesle Keita og bestefaren i den vesle leilegheita. Stemninga er trykt, sidan Jiro (Nagayama) berre er stefar til Keita, som Taeko (Kimura) har frå eit tidlegare ekteskap. Foreldra hans klarar ikkje heilt å skjula at dei kjenner seg som ste-besteforeldre. Så skjer ei katastrofal ulukke som skal snur opp ned på heile tilværet, særleg då Park (Sunada), den biologiske faren til Keita, dukkar opp etter å ha vore vekke i fleire år.

Biologikken

«La oss berre få eit ekte barnebarn», seier svigermor til Taeko. Svigerfar har akkurat samanlikna Taeko med ei gjenbruksvare, sidan ho hadde eit barn då ho gifta seg med sonen hans. Svigermor kjeftar på han, men kva hjelper det når ho så opplagt avslører kva ho eigentleg kjenner på sjølv? Det er ikkje hyggeleg å sjå på, dette. Dei gamaldagse haldningane står i kontrast til den rause innstillinga Jiro har til å fullt ut vera far for Keita. Difor verkar det ekstra sårt at når Park, den tilsynelatande ubrukelege lasaron-eksen brått kjem inn i biletet, spelar brått biologien inn også i tankesettet til Taeko. Kor blir det plass til farskjenslene til Jiro oppi dette? Kor blir det plass til sorga? Dei kjennest framande, reaksjonsmønstera med alle sine japanske ritual, men under overflata ligg djupe, vonde kjensler så universelle som berre kjærleiken til eit barn kan vera.

Musikken

Det er ikkje lett å oppsummera Love Life. Her skjer så mykje at det til tider nesten vert såpeoperaaktig, utan at det er det som er hovudinntrykket av filmen samla sett. Til det er både tema og stil for alvorleg og nedtona. Med alle dei stadig nye store problemstillingane landar eg på det som vel kan kallast noko så konvensjonelt som eit tankevekkande drama, berre ikkje av den sakte, dvelande sorten. Ikkje minst er Love Life av den velspelte sorten – her er verkeleg kjensla av å vera til stades på ekte, alt frå vesle Keita som vimsar glad rundt, til den usedvanleg bra koreograferte kattepusen! Lydsporet er i grenseland såpeglatt, og samtidig – for nokon som elska gitarist Pat Metheny som tenåring – er dei velkjente nittitalstonane som følgjer den store popdivaen Akiko Yanos vokal, rørande på ein måte som eg kan tenka meg vil ha minst den effekten på sjåarar på min alder i Japan. Det er også songen «Love Life» som har gjeve tittel til filmen, så regissør Fukada spelar bokstaveleg talt på sentimentale strenger. Likevel styrer han elegant unna eindimensjonale rollefigurar utan eiga retning, og resultatet er ei på same tid nøktern og kompleks historie om mange slags kjærleiksliv.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis