JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Somme filmar er betre enn andre

Filmåret 2021 vart prega av utsette premierar, så nokre av filmane på topplista er ikkje så heilt nye. Elles er filmmeldarane bra samkøyrde og kan konstatera at det har vore eit formidabelt norsk filmår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Begge Dag og Tid-filmmeldarane dreg fram årets film av Chloé Zhao som ein favoritt i 2021.

Foto: Searchlight Pictures

2900
20211224
2900
20211224

Årsbeste frå Brit

Etter å ha saumfart premierelistene sit eg att med ei kjensle av at eg ikkje synest filmåret 2021 var så bra, trass i desse verkeleg gode filmane som har fått pallplass. At såpass mange har norske regissørar, inneber kryss i taket og stormande jubel.

Frå 2020

Få filmar har gjort meg meir oppløfta og samtidig vemodig i kinoåret som gjekk, enn Nomadland. Filmen fekk velfortent tre Oscar-statuettar, mellom anna ein til regissør Chloé Zhao og ein for beste film. Eg har elles ikkje nokon tanke om at Oscar er synonymt med beste film, berre så det er sagt. Elles ville innlysande Gunda (regi: Viktor Kosakovskiy) hanka inn minst éin nominasjon for denne nydelege observasjonen av dyr på sjølvstyr heime på (den frittgåande) garden. Det same gjeld uforgløymelege Det finnes ingen djevel (regi: Mohammad Rasoulof), ein iransk bukett av knyttnevar. Japan nominerte sjølv Mødre (regi: Naomi Kawase) til Oscaren, men nådde ikkje opp. Det spørst om det er ei trøyst å hamna på lista her i staden, men den finurlege, tankevekkjande filmen om adopsjon burde fleire fått med seg.

Menschen

Sidan me snakkar om Oscar: Det blir opptil fleire hattar til middag her om ikkje Flukt (regi: Jonas Poher Rasmussen) minst vert nominert til årets animasjonsfilm i år. Dette er verkeleg ein snedig, vakker og tankevekkjande film, meir som ein illustrert podkast.

Tilsvarande, men heilt ulikt vekkjer Drømmemannen (regi: Maria Schrader) løgne tankar om både framtidsteknologi og notidskjærleiksliv. Morosam er han òg, og den tyske tittelen er knall: Ich bin dein Mensch.

Tittelen Rocks (regi: Sarah Gavron) er kan henda meir diffus, men det er altså kallenamnet til hovudpersonen i årets mest sjarmerande ungdomsfilm (les: 2019, men alt er lov i covidkinotider). Den siste utanlandske filmen eg føler for å nemna, sjølv om han ikkje var perfekt, er Promising Young Woman (regi: Emerald Fennell). Han er berre skikkeleg underhaldande og kvass, og slike skal ein vel æra i ei årsoppsummering?

Heime knallbra

Det kom ei rad skikkeleg gode norske filmar som alle fortener å nemnast, sjølv om dei kanskje ikkje hadde hamna øvst på ei liste samanlikna med filmar frå det store utland. Eg kosa meg med både Tre nøtter til Askepott (regi: Cecilie A. Mosli) og Nordsjøen (regi: John Andreas Andersen), men tenk at både De uskyldige (regi: Eskil Vogt), Ninjababy (regi: Yngvild Sve Flikke) og Verdens verste menneske (regi: Joachim Trier) kom ut dette året!

Det er verkeleg tre unike, skambra filmar. Og den der Oscaren: han kan særs mogleg hamna på hylla til Trier & Co., berre så det er sagt.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis