Film

Solfylte skuggar

Det er bra gjort å laga ein opplyftande film om kvinnelege, iranske fangar.

Mehrdad Oskouei følgjer opp den prisvinnande dokumentarfilmen frå 2016 med eit nytt portrett av unge kvinner i eit ungdomsfengsel utanfor Teheran.
Mehrdad Oskouei følgjer opp den prisvinnande dokumentarfilmen frå 2016 med eit nytt portrett av unge kvinner i eit ungdomsfengsel utanfor Teheran.
Publisert

Dei ser rett i kamera og fortel kvifor dei tok livet av far sin, eller mannen sin, eller svogeren sin. Det er mødrer og døtrer som saman har gjort slutt på årevis med mishandling. No er dei delte – dei eldste som er dømde til døden, og dei yngste som sit i ungdomsfengsel.

Dagens minst lystige filmforslag, tenkjer du kanskje etter denne introduksjonen. Det skulle nesten ikkje vera råd å laga ein ganske så festleg, rar og ikkje minst svært interessant dokumentarfilm med eit slikt bakteppe. Men Sunless Shadows maktar å framstilla dei drapsdømde unge kvinnene fyrst og fremst som unge kvinner, med håp, draumar og forvirra sinn.

Oppfølgjar

Såleis er filmen ein oppfølgjar til regissør Mehrdad Oskoueis Starless Dreams (2016), berre at her dreier det seg om drap, ikkje butikknasking og biltjuveri. Og mødrene sit dømde til døden, og dette heng over døtrene, dei medsamansvorne, og skapar eit alvor ein knapt kan førestilla seg.

Likevel er det inntrykket av spente, oppspilte jenter som lurer på kva framtida vil bringa, som sit mest i, utruleg nok. Stemninga i fengselet gjenspeglar ei slags blanding av ei gymnaskantine og eit friminutt på ein barneskule.

Innanfor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement