Film
Slapp ninja
Sjølv om ninjaen er sjarmerande nok, manglar både mål og meining og ein god dose rå humor for å kalla teiknefilmen skikkeleg god.
Asgeir og Rutete Ninja jaktar på forbrytaren Philip Eberfrø.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Det viser seg at slemme Peder Eberfrø skal sleppa ut av fengselet i Bangkok, etter å ha juksa med bevisa for at han har drepe fleire thailandske barnearbeidarar. Det blir opp til unge Asgeir og den gjenoppståtte ninja-ånda Rutete Ninja å sørga for rettferd nok ein gong.
Ninja i knipe
Det er snart tjue år sidan danske Terkel i knipe (2004) sjokkerte ungar og vaksne, mest fordi mange nok trudde dei skulle sjå ein uskuldig teiknefilm. Då oppfølgjaren Rutete Ninja (2019) kom, var det store forventningar og for min del innfridde filmen sånn heilt greitt. Og sjølv om eg innimellom kosar meg, blir det jamt over ganske tamt.
I fyrstefilmen var det i det minste nokre opprørande spark til hyklerske vestlege som er villige til å sjå gjennom fingrane med barnearbeid, for ikkje å seia pedofili, så lenge me får kjøpa billige Barbie-dokker. I oppfølgjaren er alt flata ut, og det blir ei heilt streit skurkehistorie utan snert.
Og om eg sakna litt nyansering i rollefigurane frå 2019, så har filmskapar Anders Matthesen totalt resignert og overlèt alt til gamaldagse oppfatningar av jenter som vil ha bad boys, dumme vegetarianarar og ei overveldande maskulin overvekt når det gjeld kven som kan ordna opp her i verda. Det blir berre kjedeleg, og pitte litt trist, sett med auge som er leie av å få prenta inn enkle stereotypiar.
Sjølv om RN både i form av dokke og som piggsvin er knakande søt, så hadde det fungert betre om han var råare i kjeften – ein treng ikkje vera sexistisk og transfob for å oppnå dette, det er berre ein lettvint snarveg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.