Skummelt og heilt på styr
Nyaste True Detective får meg til å både himla med og knipa igjen auga.
Jodie Foster og Kali Reis løyser mysterium i isøydet.
Foto: Michele K. Short / HBO
Krim
Regi: Issa Lopez
True Detective: Night Country
Med: Jodie Foster, Kali Reis, Finn Bennett, John Hawkes
TV-serie HBO
Eg har høge forventningar til fjerde sesong av suksesserien True Detective, fyrste gong på skjermen i 2014, då med noverande produsentar Woody Harrelson og Matthew McConaughey. Men var dei to førre sesongane eigentleg så bra? Eg såg faktisk aldri ferdig sesong to, innser eg. Når det no er Jodie Foster som sit i sjefsstolen som utoleleg detektiv, og når isøydet senkar seg, kjem spenninga til å ta seg opp og forsvara det framleis lovnadstunge ryktet til serien?
Enormt
Gruvebyen Ennis, Alaska vinterstid, er ikkje mykje lys og mykje varme. Politisjef Liz Danvers (Foster) kjem trampande med tunge snøjoggisar og pelskrage på termojakka og er så sur i fjeset at ein kan lura på om ho nokon gong har sett sola. Hennar kollega og nemesis, Angie Navarro (Reis), er ikkje mykje betre, anna enn kanskje endå meir ordknapp. Dei blir nesten parodisk tøffe i trynet saman med all den barske naturen og dei svære pickupane, men det er uansett premissen, og den får du nesten berre svelgja skal det vera vits i å sjå.
Du treng heller ikkje leita etter realisme, for her går det over stokk og stein, både paranormalt, unormalt og i heilt normale situasjonar. Frå starten av kjennest det som at X-files har gjenoppstått, og om Mulder og Scully hadde dukka opp, ville det nesten vore på sin plass. Nye True Detective er enormt søkt, men også enormt skummel innimellom.
Urkynisk
Det som skjer ute på forskingsstasjonen, der ei handfull vitskapsmenn jobbar og lever året rundt, grensar til ein skrekkfilm. Element frå den smått hårreisande starten dukkar stadig opp utover i serien og set liksom det utomjordiske skåpet på plass akkurat når du tenkte du var over i jordnær, traust etterforsking. Det vert spela mykje på urfolkstru, urfolksaktivisme og urfolkstematikk, slik at det nesten bikkar over til sjablongaktig og eindimensjonalt – enten er dei veldig åndelege, eller så er dei alkoholiserte og bryske.
Og kall meg kynisk, men det blir hakket mykje psykiatri og harde familiekår. Ikkje at det ikkje er viktig å ta opp slikt, men med seks episodar og eit aldeles ko-ko mysterium å løysa kunne manusforfattar og regissør Issa Lopez med fordel tona ned det mellommenneskelege ørlite og heller drege på med meir krim.
Men éin ting skal ho ha: Når det er skummelt, er det verkeleg så blodet frys og eg får lyst til å trekka for gardinene. Og viktigast av alt: Alt surret og dei ørten trådane blir faktisk nokolunde nøsta opp på slutten.
Eg vil seia at True Detective: Night Country innfridde, sidan eg eigentleg hadde låge forventningar, og samtidig vil eg seia at som konsept er eg ikkje sikker på om True Detective fortener all viraken.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.