Film
Skorfast
Sjølv til å vera Kenneth Branagh er dette semre greier.
Ein ung gut og arbeidarklassefamilien hans lever med uroa i Nord-Irland i 1960-åra.
Foto: United International Pictures
Det er 1969 i Belfast, og brått er det full furore i gata der Buddy (Hill) bur saman med mor (Balfe), bror og far (Dornan) når han ikkje er i England på jobb. Det er starten på den langvarige triste konflikten mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland, The Troubles, sett gjennom auga til ein riktig liten gladgut.
Teater på film
Med eit underleg sveip over Belfast i notida landar kameraet til slutt over ein graffitimåla murvegg og rett inn i det svartkvite sekstitalet til tonane av Van Morrison og Them, som passande skal vera tonefølgje til resten av filmen. Eg er ikkje begeistra for Van Morrison, om nokon lurte. Eg er heller ikkje begeistra for filmar som ser ut som dei er eit teaterstykke, alt frå kulissar til kostyme til koreografi til replikkar til karakterar så klisjéaktige at eg blir matt.
Søt lyslugg kviler hovudet på skakke i hendene mens han seier «eg har visst fått for mykje Gud for ein dag» – og dei vaksne ler mens dei ristar på hovudet og ser på kvarandre.
Dei som derimot har late seg begeistra, er jurymedlemmene til årets Oscar, som om mogleg undergrev sin eigen relevans endå meir enn før ved å lønna denne søtsuppa til teatermannen Kenneth Branagh, som etter mitt syn ikkje har noko som helst bak kamera å gjera. Belfast viser dette tydelegare enn noko anna han har gjort.
Plettfri trøbbel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.