Skinande og seigtflytande
Den norske stjerneregissøren viser kanskje litt for godt kvifor han har slått gjennom i Hollywood.
Til Jacobs forsvar er ein amerikansk miniserie basert på romanen av William Landay med same namn.
Krim, drama
Regi: Morten Tyldum
Til Jacobs forsvar (Defending Jacob)
Med: Chris Evans, Michelle Dockery, Jaeden Martell
Serie, Apple TV +
Statsadvokat Andy Barber (Evans) får saka når ein nabogut vert funnen drepen i parken nær dei. Når son hans, Jacob (Martell), vert mistenkt, mister Andy både saka og fatninga. Kan han og kona Laurie koma seg gjennom dette? Og kan dei prova at Jacob er uskuldig?
Elegant
Få norske regissørar har vorte tekne inn i den amerikanske filmbransjevarmen i same grad som Morten Tyldum. Om det i seg sjølv er eit kvalitetsstempel, kan ein heller diskutera. Men han leverer i samsvar med tidlegare produksjonar, det skal han ha: elegant og glatt både utanpå og inni. Det har gått nokre år sidan det eg synest er den beste av filmane hans, norskproduserte Hodejegerne (2011). Etter den kom The Imitation Game (2014), ei skuffande forflata framstilling av ei spennande historie om kodeknekkar Alan Turing. Desse to kombinert: Om du ser etter regissør til ei polert, amerikansk krimhistorie som Til Jacobs forsvar, har du kanskje funne rette mannen. Kanskje. Eg har berre sett fire av åtte episodar, så eg kan ikkje konkludera, men noko seier meg at hadde klippen vore strammare, ville mykje elegant daudtid kunna skapt meir spenning og forventning enn det eg sit att med akkurat no.
Sirup
Mykje stemmer reint produksjonsmessig. Til Jacobs forsvar er basert på boka til den prisvinnande krimforfattaren William Landy, skodespelarane er tekne frå topphylla – ein halvskummel ungdom som Jaeden Martell, kjend frå dei skumle filmane It og Midnight Special er perfekt – og at lyssetjings- og kamerabudsjettet er høgt, viser godt. Til tider vert eg genuint gripen av frustrasjonen over ikkje å vita om barnet har utført den verst tenkjelege handlinga, og kva dei eventuelt kan gjera for å reinvaska barnet for falske skuldingar. Men det irriterer meg at foreldra har så lite forståing for at dei ikkje kan få bryta vanlege reglar og kutyme medan ei sak er under etterforsking. Og det irriterer meg at det går så tregt å forsvara Jacob. Det er mykje stiring ut i lufta og sekvensar med bilkøyring som verkar som meiningslaust fyllstoff. Det får meg til å tenkja på lønnesirup – det er betre enn den billige sirupen i den gule boksen, men det er framleis seig materie.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.