Film
Sjarmert rett i senk
Eg set pengane mine på at få oppvekstfilmar kjem til å overgå Rocks på kino i år.
I Sarah Gavrons nye film får vi sjå ei rad svært dyktige unge skodespelarar.
Shola (Bakray) går under namnet Rocks på ungdomsskulen og brukar ettermiddagar og helger på å henga med besteveninna Sumaya (Ali) og gjengen deira. Når mor forduftar, må ho ta seg av broren Emmanuel (Kissiedu) og prøva å halda dei unna barnevernet.
Alt blir bra
Eg kan av og til kjenna på noko som minnar om fatigue når eg startar på ein ungdomsfilm: Skal det koma uendelege virrete trutmunnklipp tekne med mobilkameraet for å gje inntrykk av at «DETTE ER PÅ UNGDOMMENS PREMISSAR»? Dei store bokstavane uteblir heldigvis for det meste i nydelege Rocks. Filmen er laga av vaksne, og innimellom er det godt at det er vaksne til stades. Med eit bakteppe som London blir også det å ha ulike kulturelle bakgrunnar hjå hovudpersonane ikkje berre naturleg, men også det einaste riktige. Og ja, det oppstår knuffing i den unge jentegjengen, men mest av alt oppstår venskap og forståing for at folk er forskjellige. Det er som å sjå framtida, viss ein berre er realistisk på at ho ikkje kjem til å vera einsarta, og optimistisk på at det kjem til å gå heilt forbanna bra.
Farge og grått
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.