Film

Sjå opp for sanninga

Det er ikkje ofte eg kosar meg så gjennomgåande i over to timar med så opplagt aktivistisk dommedagssatire.

Jonah Hill som Jason Orlean, Leonardo DiCaprio som professor Randall Mindy, Meryl Streep som president i USA, og Jennifer Lawrence som Kate Dibiatsky.
Jonah Hill som Jason Orlean, Leonardo DiCaprio som professor Randall Mindy, Meryl Streep som president i USA, og Jennifer Lawrence som Kate Dibiatsky.
Publisert

Då ph.d.-student Kate Dibiasky (Lawrence) oppdagar ein komet på veg mot jorda, kallar ho inn professor Mindy (DiCaprio), som igjen varslar Nasa, som igjen kallar dei to forskarane inn på teppet til president Orlean (Streep), og derifrå går det frå vondt til verre.

Stortromma

Tenk deg at det er eit halvt år til jorda skal gå under, at me faktisk kan vita nøyaktig kva tid det smell. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det er dette filmskaparane vil at sjåaren skal tenka om klimakrisa. At president Orlean skal representera Donald Trump, er også opplagt frå fyrste stund.

Så på eit blunk vil dei som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar, og som har sansen for Trump, ramla av lasset og boikotta filmen. Men greitt, la dei berre sjå ned – dei som ser opp på Don’t Look Up får seg ein god latter og eit artig skrekkscenario.

Andy McKay har bakgrunn både frå Saturday Night Live og filmar som Vice (om politikar Dick Cheney), så han veit å balansera politisk satire med gode dosar galskap. Eg får raskt vibbar til britiske Arnardo Ianuccis briljante seriar The Thick of It (2005), som blei til amerikanske Veep (2012). Livet i dei politiske kulissane er topp underhaldning, sjølv om det er skremmande å tenka på kor mange slike halsbrekkande kompromiss som kan henda vert inngåtte i røynda òg.

Bra skodisar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement