Film
Sex, drugs and rock ’n’ rullestol
Teikneserieskapar John Callahan er ikkje den mest anonyme alkoholikaren, men ein ganske interessant ein.
John Callahan (Phoenix) kjem ikkje langt til fots.
Foto: Scott Patrick Green
Livet til John Callahan (Phoenix) er i ferd med å bli oppslukt av drikking, depresjon og smått fandenivaldske utflukter i høg fart med rullestol. Han er lam etter å ha fyllekøyrt, noko som ikkje gjorde han til angrande syndar når det kjem til alkoholinntaket. Heilt til han ramlar innom eit AA-møte og møter rettleiar Donnie (Hill) og resten av gruppa. Så oppdagar han at dei skjelvande strekteikningane hans kan uttrykka den bitre humoren han sit inne med. Og resten er ei ganske fornøyeleg historie, får ein seia.
Absolutt Sant
Den lange tittelen Don´t Worry, He Won´t Get Far on Foot viser til ein av dei mange vitsane John Callahan produserte, og som viser brodden han blei kjent, elska, men òg kritisert for. Kan du fleipa med funksjonshemmingar? Her til lands vil alle som las bladet Larsons Gale Verden, nikka gjenkjennande til namnet John Callahan.
Samtidig er filmen på ingen måte ei smal nerde-fanklubb-hyllest, men ein tilgjengeleg, mild og morosam film om å koma over indre demonar og ytre avgrensingar. Regissør Gus Van Sant er god på denne balansegangen, som han har vist med filmar som My Own Private Idaho (1991), Even Cowgirls Get The Blues (1993) og den største kommersielle suksessen hans, Good Will Hunting (1997). Om Don´t Worry, He Won´t Get Far on Foot kjem til å ha same gjennomslagskraft, er tvilsamt, men han gjer på ingen måte skam på karrieren sin.
Føniksen
Joaquin Phoenix er skodespelaren ein visstnok aldri vert lei av å diskutera om har utspelt si rolle, bokstaveleg tala. Han har ein eigen stil som han sjeldan klarar skjula. Så då kjem det til kva roller han vel å (ut)spela, og denne som John Callahan kler han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.