Film
Sebastián, go yem
Ulydighet er ein kjedeleg skivebom frå ein regissør som kan betre enn dette.
Fotografen Ronit (Weisz), som er busett i New York, kjem heim til London då faren døyr. Fotografen Ronit (Weisz), som er busett i New York, kjem heim til London då faren døyr.
Foto: Selmer MediaFoto: Selmer Media
Drama
New York-baserte hipsterfotograf Ronnie – eller Ronit – (Weisz) vender tilbake til London då far hennar, ein høgt respektert rabbi, døyr. Dette betyr gjensyn med barndomsvenene Dovid (Nivola) og Esti (McAdams), som har gifta seg, til Ronits overrasking. I tillegg til mykje uglesjåing frå det ortodokse, jødiske samfunnet for å ha kutta kontakten er det heilt andre former for ulydnad som gjer livet vanskeleg for det gamle trekløveret.
Grautete
I startscena messar rabbien om korleis Gud skapte mann og kvinne for at dei skulle leva saman under fri vilje, før han kollapsar på golvet. Så der har me grunnproblemstillinga: Er menneske frie sjølv innanfor strengt kontrollerte, religiøse rammer? Og er det kanskje ikkje berre mann og kvinne som kan finna kroppsleg glede saman? Eg dristar meg til denne spoileren, då det blir sagt såpass overtydeleg tidleg i filmen. Og det går liksom ikkje veldig fram etter det heller. Premissen er lagd, kor lenge går det før det skal bli teke opp? Svaret er lenge. Dei skal gå rundt grauten som svoltne barn, og når dei endeleg forsyner seg, er det som dei aldri har ete graut i sitt liv.
Oy vey
Om ein har akkurat over gjennomsnittet innsikt i jødedommen, skjønar ein at handlinga er lagt til eit ortodokst – men ikkje ultraortodokst – miljø der ein held seg til gjevne reglar. Då blir det ekstra kjedeleg å måtta få dette inn med teskei. Den chilenske regissøren Lelio har tydelegvis følt det nødvendig å opplysa sitt publikum. Han er god på sterke kvinneportrett etter suksessar som Gloria (2013) og En fantastisk kvinne (2017).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.