Film

Sannkrim frå Dei kritiske øyane

Tilståelsen er ein interessant vri på solid og spennande politidrama.

Det britiske politidramaet vert vist på NRK.
Det britiske politidramaet vert vist på NRK.
Publisert Sist oppdatert

Tidleg på 2010-talet forsvann 22 år gamle Sian O’Callaghan etter ein fest i byen Swindon. Politidetekiv Stephen Fulcher (Freeman) brukte eit par alternative metodar for å skaffa seg informasjon, og det viser seg at to saker heng saman. Mødrene til dei forsvunne jentene (Staunton og Finneran) kjempar på kvar sin kant, og helten som vil begge deira beste, er Fulcher.

Finurleg

Ein skal vera litt kritisk til kven som er kritiske, når ein true crime vert delvis skriven av ein av dei skulda i ei sak. I dette tilfellet har den kontroversielle politimannen Stephen Fulcher vore med på å gje oss «den sanne historia» om kva som skjedde. Så, med det litt i bakhovudet, er det elles berre å setja seg godt tilbake i sofaen, som så ofte elles i desse dagar. Tilståelsen er tre ulike historier vovne saman, noko som gjer han kjekk å sjå på ikkje berre for å fundera på kven som er gjerningspersonen.

Og så denne interessante vrien eg lovde, då: Serien handlar vel så mykje om kriminell prosedyregang i politiet og regelrytteri som går over i toskeskap og ufornuft. Igjen: hugs at framstillinga er skriven til (og av!) politi Fulchers absolutte fordel, men om berre hovudlinjene stemmer, så er det ganske sjokkerande.

Systemkritikk

Og alvorleg talt, viss du har fått pengar på bordet til å laga ein påkosta TV-serie der du får forklart di side av ei kontroversiell sak, kva betre enn å få kosefjes Martin Freeman til å spela deg? Dei har i det heile funne fram skodespelarar med svært sympatiske framtoningar jamt over (og usympatiske når det er meininga, sjølvsagt). Særleg Imelda Staunton er rørande og til tider hjarteskjerande truverdig som mor til den eine sakna jenta. Hennar rolle som rettferdskrigar kjem eigentleg med den beste kritikken av politisystemet, der ho står med heimeskrivne plakatar utanfor kjøpesenter for å få merksemd kring det bisarre utfallet av rettssaka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement