Same nummer som i 69
Filmen om Black Panthers på sekstitalet har klang av i dag.
Lakeith Stanfield og Daniel Kaluuya har hovudrollene.
Foto: Ryan Coogler / Charles King
DRAMA
Regi: Shaka King
Judas and the Black Messiah
Med: Daniel Kaluuya, Lakeith Stanfield
Leigefilm
Judas i historia om Black Panthers i Chicago er biltjuven William O’Neal (Stanfield). Han var informant på innsida for FBI for å sleppe straff. Messias er Fred Hampton (Kaluuya). Han var høgt akta som formann for The Black Panther Party i Illinois, men blei myrda av politiet i 1969, 21 år gamal.
Fåkk politi
Daniel Kaluuya og Lakeith Stanfield har hovudrollene, men er båe nominerte til Oscar for beste birolle. Dei er skikkeleg gode. Stanfield formidlar skarpt knipa han konstant er i. Han spelar ikkje ein simpel skurkefigur. Kaluuya har roa og styrken til å gjere Hampton til ein truverdig autoritet. Store ord og kjensler er i sving. Det rotne politiet heiter alltid «pigs».
At dei er hovudfienden, har klare grunnar. Stilen er tøff. Korkje militarisme eller maoisme blir skjult, men sosialhjelp og samarbeid med fattige puertoricanarar og kvite skapar ei samansett historie.
Gjekk i bakken
Regissør Shaka King har funne ein god balanse. Filmen ser bra ut, og forteljinga fengjer. At han kjem no, høver. Det har vore motbakke for sakene til partiet sidan dei la ned i 1982. Ulikskap veks, og svarte kjem elendig ut på alle frontar. Historia er ikkje repetisjon, men rim, seier dei. Urett rår, og høglydte kritiske stemmer trengst.
Her i landet skriv ofte lettkrenkte, konservative kvite sidevis i rikspressa om at dei blir knebla kvar gong nokon utfordrar verdsbiletet deira. Dårlege vanar sit i, og endringar sit langt inne. Judas and the Black Messiah kjennest urovekkande aktuell med klar historisk klang.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.