Saman er me heimelaga sprengstoff
Logan Lucky er fullstendig akseptabel helgeunderhaldning med sympatiske antiheltar.
Channing Tatum som Jimmy Logan, Riley Keough som Mellie Logan og Adam Driver som Clyde Logan i Logan Lucky.
Foto: Michael Tacket / Norsk Filmdistribusjon
Actionkomedie
Regi: Steven Soderbergh
Logan Lucky
Med: Channing Tatum, Adam Driver, Daniel Craig, Riley Keough
Det er hardt å vera arbeidarklasse i USA når du ikkje eingong har arbeid å gå til. Jimmy (Tatum) løyser det på enkelt vis: bankran. Saman med krigsveteran/bartenderbroren Clyde (Driver) og bilkyndig/frisørsystera Mellie (Keough) treng dei berre få sprengstoffeksperten Joe Bang (Craig) ut av fengsel pluss samla nokre fleire hillbilliar, så er framtida sikra.
Heldige Steven
Steven Soderbergh, altså – det er alltid grunn til å sjå fram til ein ny film frå den kanten, særleg om du er glad i actionpakka gladsaker filma i eit gyldent skjær som får alt til å skina varmt, frå gjennombrotsfilmen Sex, løgn og videotape (1987) gjennom fleire blinkskot som Erin Brokovich og Traffic (begge i 2000!) til Side Effects (2013). Nokre av dei mest innbringande filmane hans er Ocean’s-filmane (Eleven, Twelwe og Thirteen, for å vera nøyaktig). Og det er desse Lucky Logan har mest til felles med. God, gamal kinounderhaldning, med andre ord.
Times are a-Channing
Sørstatstemaet er tydeleg, sjølv om eg mistenkjer at ikkje alle dreg i land dialekten, og at tjukkasane me kjenner frå herleg ekle realityseriar som Here Comes Honey Boo Boo, er bytt ut med usedvanleg mange pene menneske. Og om eg skal drista meg til litt traurig påminning om kvite Hollywood, så er svarte menneske for det meste representerte berre ved ei overvekt av desse bak fengselsmurane. Channing Tatum passar overraskande godt som fallert gymnassportshelt og småbarnsfar. Så har han også lagt seg godt ut, så dei som tenkte seg Tatum frå kroppsbyggartida i Magic Mike-filmane (også regissert av Soderbergh), blir anten skuffa eller letta. Den vesle venleikskonkurransedottera vil uansett sjarmera dei fleste, sjølv om ein kan meina mykje om denne absurde forma for barnearbeid. Me snakkar trass alt om sørstatane, så høge dosar patriotisme og hårspray er nærast naudsynt for å vera overtydande. Og for ekstra truverd har dei brukt ein av Dag og Tid-filmmeldarane sine felles favorittar, country and western-legenda Dwight Yoakam, i rolla som fengselsstyrar Burns.
Blunt?
Steven Soderbergh er ein luring. Han er ikkje så reint lite auteur, det vil seie ein som har ein finger med i det meste bak kameraet, og denne gongen går spekulasjonane om kven som eigentleg er manusforfattar. Ei Rebecca Blunt står i rulleteksten, men kven er ho? Tilsynelatande ikkje-eksisterande. Så er det nok ein gong Soderbergh, som tidlegare har brukt psevdonym når han har gjort klipping og filming, som står bak handlinga òg? I så fall fortener han alle kronene som kjem til å trilla inn på denne fornøyelege affæren.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.