Film

Rosekrigen

Me blir mest sannsynleg aldri ferdige med å dokumentera 22. juli. Då er det godt det vert gjort så stødig som i Generasjon Utøya.

Ina Rangønes Libak vart skoten på Utøya. Her om bord i MS «Thorbjørn».
Ina Rangønes Libak vart skoten på Utøya. Her om bord i MS «Thorbjørn».
Publisert

Korleis føler dei overlevande frå Noregs verste terrorangrep på å skulla representera partiet dei framleis støttar, og på den identiteten dei vart pålagd berre ved å vera deltakarar på ein sommarleir?

Igjen

Nok ein dokumentar/film/podkast/bok om 22. juli, tenkte eg fyrst. Ikkje fordi Generasjon Utøya skulle ha premiere, men NRK lanserte nyss åtte episodar i podkasten Hele historien. Eg høyrde fyrst dei fire tilgjengelege episodane av podkasten, og blei slått i bakken av kor ferskt det framleis verkar. Kanskje det å samanlikna med andre verdskrigen ikkje er heilt feil?

Ein trur ein har høyrt historia før, og så kjem det i ny innpakning og har like sjokkerande effekt, gong på gong. Det er framleis ikkje til å fatta – både måten det skjedde på, kven som utførte handlingane, og mot kven. Og sånn sett vil det alltid vera rom for nye vinklingar og forsøk på å setja det inn i ei større samanheng.

Politiske blinkar

Slik har Generasjon Utøya ei viktig oppgåve: ikkje berre å sjå på ungdomane nesten ti år seinare, no som vaksne menneske, men å setja dei inn i ein politisk kontekst som ein kanskje har vore redd for. Heile terroren handla om oss alle, sorga råka alle, noko som på mange måtar stemmer. Det råka likevel spesifikt éi gruppe for den politiske overtydinga deira. Det har me hatt ein viss berøringsangst for, som det heiter no til dags.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement