JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Retningslaus baby

Det skal ikkje vera lett å vera ung og bortskjemd no til dags.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Shiva Baby er ein god, gamaldags farse med ein halvgod, moderne vri.

Foto: Filmweb

2499
20211126
2499
20211126

Komedie

Regi: Emma Seligman

Shiva Baby

Med: Rachel Sennott, Danny Deferrari, Polly Draper
Kinofilm

Unge Danielle (Sennott) får pengar for sex frå mykje eldre, men flotte Max (Deferrari), og om det ikkje var for gravferda som den geskjeftige mor hennar, Debbie (Draper), tvingar ho til å gå i, ville det kanskje fortsett sånn.

Akk oy vey

For at sjåaren kjapt skal få med seg kva type person Danielle er, kjem ho sjølvsagt for seint til gravferda, men dukkar opp til shiva, det som i jødedommen innleiar sørgjeperioden etter at nokon døyr, eit slags gravøl. Det er mykje oy vey, som dei seier på jiddisk – alle er oppgitte over denne heller udugelege dottera til dei elles respekterte foreldra. Kva driv ho eigentleg med? Ho dreg i gang historia om eit oppdikta hovudfag om kjønnsøkonomi og at ho tener pengar (som ho ikkje treng) på å vera barnevakt. Også til stades på shivaen er Maya, den gamle veninna/elskarinna hennar, noko mor veit godt om og prøver å glatta over som best ho kan, då alle kjenner alle her. Det passar seg sjølvsagt ikkje med lesbiske forhold. Og så dukkar jammen sjølvaste Max opp! Og det viser seg at yndlingssexkunden hennar både er gift og har ungar, så her er det duka for mange forviklingar. For mange etter min smak.

Ka farsen

Eg vil seia at Shiva Baby er ein god, gamaldags farse med ein halvgod, moderne vri. At Danielle prostituerer seg, er nærast bagatellisert, noko som er klassisk for sjangeren. Samtidig verkar det som eit poeng at det er dei velståande foreldra som syr puter under armane på dottera, og at det likevel ikkje hjelper – ho er eit forderva, umoralsk menneske, men er ho eigentleg god på botnen? Eg finn rollefiguren Danielle enormt enerverande, kanskje forsterka av den insisterande, klezmer-inspirerte filmmusikken som ligg under store delar av dialogen. Den sjølvironiske humoren i jødiske miljø kjenner me spesielt godt via Woody Allen, og kanskje har eg sett ein film for mykje der dei same uttrykka og vitsane går att. Det tek luven av humoren for min del, då dette bakteppet verkar oppbrukt. Det er forresten langt fleire likskapstrekk med serien Transparent (2014­–2019) enn med Allen, for dei som treng samanlikning. Lettbeint er kanskje eit dekkande adjektiv for denne ganske så overflatiske komedien som kan henda har noko på hjarta. Kva det skulle vera, er eg ikkje sikker på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis