Film
Rått og godt
Gullpalmevinnande kroppshorror som riv i kropp og sjel.
Denne filmen vann Gullpalmen på filmfestivalen i Cannes i år.
Foto frå filmen
Denne filmen har skapt heftig debatt sidan han vann Gullpalmen i Cannes i år, og ein og annan norsk kinosjef er usikker på om filmen bør setjast opp. Historia om Alexia inneheld ingrediensar som sex med ein bil, grov kroppslemlesting (sjølvpåført), ein stygg freistnad på å framkalle spontanabort, ekstrem vald og bisarre scener som ikkje alltid gir nokon klar samanheng.
Men filmen er så godt laga, så full av energi og rørsle og så overtydande spelt av debutanten Agathe Rousselle at det er uråd å avvise han. I tillegg til alt anna er dette også ei historie om kjærleik og sakn, emosjonar som rett nok kan gi seg overraskande utslag.
Drap
Etter at Alexia har delteke i eit bilshow, freistar ein kar å valdta henne. I staden drep ho han med ei hårnål. Sidan drep ho endå nokre fleire, før ho flyktar og prøver å endre identitet – og kjønn – ved å klippe håret, skamfere ansiktet og surre brystet så tett at ho kan gå for å vere ung mann.
Ho ser ein plakat som etterlyser ein gut som har vore sakna i ti år, går til politiet og gir seg ut for å vere den sakna og blir henta av gutens far (Vincent Lindon), som tilsynelatande utan spørsmål godtek henne som son sin.
Fascinerande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.