JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Rapport frå sofaen og eit par unntak

TROMSØ: Etter å ha vore i Tromsø med digital avvikling av byens filmfestival ser ein om mogleg endå tydelegare at me treng meir enn Netflix og nettbrett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag kveld vart filmen Ninjababy vist på Stortorget, med besøk av regissør Yngvild Sve Flikke og delar av staben.

Foto: Brit Aksnes

3918
20210122
3918
20210122

Tiff

Tromsø Internasjonale Filmfestival går føre seg i dagane 18.–24. januar.

Når eg seier digital avvikling, så siktar eg ikkje til formatet kinoane gjekk over til for berre eit tiår sidan. Noregs eldste kommunale kino, Verdensteatret i Tromsø, viser framleis filmar fysisk på 35 mm-rullar i ny og ne, særleg under Tiff. Men ikkje så i år, sjølvsagt.

Fysisk

Det fysiske publikumsunntaket er utevisning og verdspremiere på Ninjababy (regi: Yngvild Sve Flikke). Pallane, dekte med reinsdyrskinn og i høveleg smitteavstand, var fullsette på Stortorget. Med snille null grader fekk eg ikkje neglesprett før eit stykke uti filmen, og det var verdt turen: Eg tvilar ikkje på at eg har sett ein av årets beste norske filmar alt ein god månad før ordinær kinopremiere, og jammen kom det nordlys sigande over byen etterpå.

Utover dette er publikum, som vanlegvis tel opp mot 60.000 besøkande, forviste til skjermane sine og eit redusert filmprogram. Som filmmeldar kunne eg tilbringa tysdagen med fysiske pressevisningar i det ærverdige Verdensteatret, før det bar heim på sofaen. Ein film kan ikkje dømast ut frå kor stort lerret han vert vist på, men at det har litt å seia for heilskapen, er utvilsamt. Dermed kan det nok vera at ein del av det programmet som var meint for kinovisningar, taper seg når dei skal visa seg fram på små og store skjermar.

Vriding

Kven er dei slemme venstrevridde? Sånn kan kanskje And Tomorrow the Entire World (regi: Julia von Heinz) oppsummerast. Tyskland har alltid hatt god grobotn for dei svært alternative miljøa, av typen miljøvernarar med urtete og rastafletter så vel som flintskalla nynazistar med sinte bikkjer. Ein høyrer litt om Antifa i media, men som ei nokså udefinerbar gruppe, i motsetning til høgreradikale, som me kjenner betre til.

Unge Luisa i filmen kjem frå ein velståande heim, men oppsøkjer det blitzaktige miljøet i Mannheim for å kjempa mot rasisme og framandhat i kollektivet P81. Den karismatiske Alfa får henne med på kamptrening og ein retorikk som forklarar ikkje berre kvifor Luisa gjer som ho gjer, men kvifor alle unge menneske blir dregne mot ytterkanten. Radikalisering er noko me assosierer mest med religiøse fanatikarar eller høgrevridde rasistar, men når for mykje hormon, idealisme og forelsking blandar seg, kan mykje rettferdiggjerast, uansett politisk ståstad.

Til ungdommen

Om det er tilfeldig eller om det er ein trend, veit eg ikkje, men filmar der handlinga dreiar seg om unge kvinner og prøvingane dei må gjennom, utmerkte seg i programmet. Franske Slalom (regi: Charlène Favier) klarar få fram korleis ein skitrenar misbrukar den unge protesjeen sin, utan å køyra full svartmåla klisjé. Det opnar auga litt ekstra at ein faktisk kan tru på at trenaren føler han kan ta seg til rette, og kor viktig det er å vera obs, då det diverre finst for mange døme på at denne fatale feilvurderinga fortset å øydelegga uskuldige unge sinn.

I polske Sweat (regi: Magnus von Horn) vert den unge «fitness-influenceren» Sylwia forfølgd av ein fan som trur han kjenner henne basert på ymse ytringar ho kjem med gjennom sosiale medium. Historia er nokså rett fram, med klare parallellar til den gode, gamle «hore med hjarte av gull»-tematikken, men ein underhaldande og tidsriktig film om unge folk, om eg kan seia det utan å høyrast aldeles ut som eg er fødd på 1900-talet. Kanskje ungdommen kan sjå denne filmen innimellom TikTok-en sin. Elles håpar eg dei får halde fram med å verta tvinga ut på kino ein gong i nær framtid, og at Tromsø opnar dørene sine for festival neste år.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Publikum, som vanlegvis tel opp mot 60.000, er forviste til skjermane sine og eit redusert filmprogram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis