JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Psykisk kan du vera sjølv

Kva kjem fyrst – sjukdommen eller menneska?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pasientar og hjelparar møtest om bord i båten «Adamant» på Seinen i Paris.

Foto: Nicholas Philibert / Les Films du Losange

2834
20231201
2834
20231201

Dokumentar

Regi: Nicolas Philibert

Adamant – Hjerterom på Seinen (Orig. tittel: Sur l’Adamant)

Med: pasientar og pleiarar på Adamant
Kinofilm

Ankra opp på Seinen i Paris ligg husbåten «Adamant», eit senter oppretta av det psykiatriske sjukehuset Saint Maurice som eit prosjekt sidan 2010. Her kjem pasientar innom og slår av ein prat, spelar musikk, driv med kunstmåling eller hjelper litt til i kafeen. Og alle har ei eiga historie og eit liv, på sida av sjukdomen sin. Eller kanskje saman med sjukdomen?

Lege og pasient

Den norske undertittelen er jo heilt gyseleg – Hjerterom på Seinen høyrest ut som ein film eg ikkje har lyst å sjå, så platt og klissete og overkommunisert som det kan bli. På andre sida – her er jo verkeleg hjarterom, men i motsetning til ein frivilligsentral som tek imot dei svake i samfunnet, så er dette eit tiltak finansiert av eit stort sjukehus med betalte sjukepleiarar og psykiatrar tilsette på båten.

Det er eigentleg frigjerande å høyra ordet pasient brukt her, ikkje den av og til krampaktige omdefineringa som New Public Management har ført med seg. Pasientane sjølve er også svært klare på kva dei er og kva dei har å stri med, dette blir ikkje skyvd til sides eller forsøkt pakka inn.

Berøringsangst kjem ein ikkje langt med på «Adamant». No viser ikkje filmen utagerande situasjonar eg vil tru kan oppstå på ein psykiatrisk institusjon der ein ikkje skil mellom folk med ulike diagnosar, og kva medisinar ein tek (eller ikkje tek), men han er heller ikkje noko glansbilete. Heldigvis. Og så er det sjeldan ein får eit så klart bilete av kor viktig tannhelse er.

Folk er menneske

«Alle er som skodespelarar, dei berre veit det ikkje.» Eg må jo le litt av kor ufatteleg velformulerte mange av pasientane er. Så er dei også franske og utvilsamt av den kulturelle typen som ramsar opp forfattarar, regissørar og musikarar som om dei aldri hadde gjort anna enn å sitera Rimbaud. Eller Jim Morrison! Det at han døydde i Paris, verkar som ei utømmeleg kjelde for eit av intervjuobjekta.

Adamant – Hjerterom på Seinen glir fint frå møtesituasjonar over til nye menneske, som er det som gjer at filmen har uventa bra framdrift til å vera av den dvelande typen dokumentar. Filmen kunne vore ein veldig lang reportasje i programmet Sosialkanalen som gjekk på NRK på åtti- og nittitalet, så at han får kinooppsetjing, er både fabelaktig og nær uforståeleg.

At dokumentarfilmen vann Gullbjørnen på Berlinalen (ein av verdas viktigaste filmfestivalar), talar sjølvsagt sitt, så det hadde vore topp om folk følte for å oppsøka kinomørket for denne finfine filmen. Ein skulle vel helst hatt ein «Adamant» i alle byar, også her til lands.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis