Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Dokumentarisk drama
Regi: Joachim Lang
Fører og forfører (Orig.tittel: Führer und Verführer)
Med: Robert Stadlober, Fritz Karl, Franziska Weisz
Kinofilm
Året er 1938, og i kulissane snakkar Joseph Goebbels (Stadlober) med ein stadig meir krigslysten Adolf Hitler (Karl). Helst har Goebbles meir lyst å oppvarta elskarinna, den tsjekkiske skodespelaren Lida Baarova, men Hitler legg planar for heimlandet hennar, og då treng han nokon som kan overtyda tyskarane om at denne krigen trengst.
Den som minst treng overtyding, er Magda Goebbels (Weisz), som står bak og ved sida av ektemannen, propagandaministeren, til siste slutt, trass utruskap og faenskap.
Fleip eller fakta
I starten vert det opplyst om at dialogen i Fører og forfører ligg svært tett opptil truverdige kjelder, at det nærast er ordrett gjengjeving av scenane som utspelar seg i forkant av og under andre verdskrigen. Sjåaren vert med andre ord beden om å tru på ein film om mannen som nærast fann opp fake news, nemleg Joseph Goebbels.
Og ein del av det dei lirer av seg: Du kunne ikkje dikta det opp, som ein likar å seia. Det burde kanskje ikkje sjokkera at så mykje krig er basert på toskete innfall, såra kjensler og behovet for å hevda seg, men det har den effekten på meg like fullt.
Goebbels er ei sitatmaskin, om enn ei fæl ei, og han peikar på nokre sider ved oss som stemmer altfor godt. Propaganda er som kunst – det er ikkje fakta som utløyser dei sterkaste kjenslene våre. Fakta er ingenting, kjensler er alt. Han visste å utnytta dette til fulle, og det er så altfor lett å dra parallellar til dagens samfunn. Usj.
Undergangsfilm
Verken Goebbels eller Hitler i filmen er utsjånadsmessig lik dei historiske personane, og nokon vil nok samanlikna filmen med Der Untergang (2014), med ein fabelaktig Bruno Ganz som spelte i filmen om Hitlers siste dagar. Fører og forfører brukar ekte arkivmateriale klipte inn i scener på snedig vis, som gjer at eg som sjåar vert mint om sanningsgehalten til filmskaparen.
Det kjennest som ein meta-effekt, der eg samtidig som eg lèt meg fjetra av samtalane deira, også lurar på om eg kan stola på det eg ser. Det var jo akkurat slik Goebbels ville gjort det. Og sidan eg nemnde Der Untergang: eit av dei mest framtredande faktene til Hitler her var dei skjelvande hendene. I ei scene i Fører og forfører, då Goebbels skal redigera ein av propagandafilmane sine mot slutten av krigen, klagar han på at klippa av føraren er ubrukelege, då ingen må sjå at han skjelv på hendene – vekk med dette, folket må sjå ein sterk mann.
Tanke på tanke
Heller ikkje Adolf Hitler var noko anna enn ein mann. Som i haustens Quislings siste dager kan det nok støyta enkelte å sjå desse arketypane for menneskeleg vondskap framstilte med nyansar, at dei ikkje tvers gjennom tenkte berre vonde tankar. Det er diverre plenty praksis som gjer at enkeltmeiningar på ingen måte verkar formildande, verken for Hitler eller Quisling.
Og i tilfellet Goebbels, vel, han framstod ikkje særleg sympatisk verken på privaten eller på jobb. Intrigane mellom han og Magda er strålande underhaldning midt oppi alt det makabre. Men det kjem også fram interessante innvendingar frå Goebbels som igjen gjer at ein må klara å ha fleire tankar i hovudet på same tid. Fører og forfører overtyder meg. Eg trur eg har sett røyndomen filmatisert. Berre den tanken er urovekkjande nok i seg sjølv.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø