JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Popcorn med froskesmak

Tøysete farse som ikkje prøver å vera noko anna heller.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen er basert på eit teaterstykke frå 1934 av Georges Berr.

Foto: ƒilmweb

2435
20230804
2435
20230804

Komedie

Regi: François Ozon

Det var jeg! (Orig.tittel: Mon crime)

Med: Nadia Tereszkiewicz, Rebecca Marder, Isabelle Huppert
Kinofilm

Paris, 1935: Dei to veninnene Madeleine (Tereszkiewicz) og Pauline (Marder) slit med å lukkast som høvesvis skodespelar og advokat. Då Madeleine vert skulda for å ha drepe ein kjend teaterprodusent, satsar dei på å utnytta merksemda rettssaka får frå media. Men dette finn ikkje den verkelege mordaren seg i, så kva skjer då?  

Teatralsk

Likar du lettbeinte farsar med vakre menneske, vakker dekor og ikkje minst Isabelle Huppert? Då kan du knapt få noko betre enn Det var jeg!. Filmen er som å sjå ein episode Poirot, berre på fransk, med opplagd humor i staden for opplagde mysterium. Det er mykje sannsynleg at rekvisittavdelinga faktisk har jobba på begge: estetikken er til forveksling lik, med art deco poppande opp i kvar einaste filmramme. Den fiffige om enn enkle historia er basert på eit teaterstykke frå 1934 av Georges Berr, og det er tydeleg at filmen er ei hyllest til akkurat denne tida med sin glade optimisme og tru på framtida. Eiffeltårnet glimer i bakgrunnen der Madeleine balanserer på dei parisiske taktoppane i armane på sin tøysete elskar/trulova, som vil gifta seg til pengar for å ha råd til å ha Madeleine som kjærast. Très fransk, altså.

Tynt ozonlag

Regissør François Ozon har levert ei rekkje ganske så platte produksjonar dei siste åra, med nokre ambisiøse forsøk innimellom som den siste, ei modernisering av Werner Herzog, Peter von Kant (2022). Kanskje han skulle teke seg litt betre tid? Det var jeg! verkar mest av alt som ein pust i bakken, mens det han hadde trunge, var å leggja seg litt meir i selen. Ein kan endeleg prøva å leggja til vektige poeng som metoo eller likestilling for å gjera filmen meir relevant, men for å vera ærleg trur eg ikkje det er nokon heilhjarta intensjon om noko anna enn ein underhaldningsfilm, og like greitt kan det vera. La tenna vera på tørk, la gamle grisar grisa på, og la ordspela vera dumme og vulgære – det er akkurat sånn eg tenkjer franske farsar skal vera. På same måte som filmen ikkje har nokon djupare bodskap, slit eg med å koma med nokon djupare bodskap sjølv. Og for å avklara: eg høyrer ikkje til gruppa som likar lettbeinte farsar ...

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis