Film

Polariseringsferd

Oslo–København er ikkje så verst sjåverdig trass alt.

Linn (Rudy Claes) og Ingar (Hallvard Holmen) som driv eit inkassobyrå i Oslo, inviterer rekneskapsførar Ingeborg (Thorborg Johansen) og mannen Tom (Lars Berge) på heisatur med danskebåten.
Linn (Rudy Claes) og Ingar (Hallvard Holmen) som driv eit inkassobyrå i Oslo, inviterer rekneskapsførar Ingeborg (Thorborg Johansen) og mannen Tom (Lars Berge) på heisatur med danskebåten.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Næringslivsparet Linn (Claes) og Ingar (Holmen) spanderer danmarkstur på den tiltrudde tilsette Ingeborg (Johansen) og mannen hennar Tom (Berge). Det er sånn passe hyggeleg, men det viser seg at både Linn og Ingeborg har ein baktanke med turen.

PK?

Som med alle filmar, men spesielt i kammerdrama, kviler heilskapen i filmen tungt på manus og skodespelarar. Her er fire personar som skal dra det heile i land ved hjelp av ord og fakter. Det lukkast dei til dels med i Oslo–København.

Sidan skodespelarane er krediterte som medmanusforfattarar, kan det tyda på at mykje er improvisert. Det vert ein del overdriven eh-ing og stotring, noko som verkar meir påfallande enn som naturleg snakkeflyt. Det er også påfallande at Tom, som skal vera gjennomsyra politisk korrekt og fullstendig på nett med alle dagens problemstillingar, masar i veg om barn til Ingar, utan å vita at dei har slite med å få eigne ungar. Og her er kjernen i filmen: Kor langt er ei kvinne villig til å gå for å få sitt eige, biologiske barn?

Hakket opp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement