JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Podkast på stort lerret

Både Waleed Ahmed og filmen om han er i overkant ambisiøse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Scene frå dokumentarfilmen om Waleed Ahmed.

Foto: Motlys

2500
20210611
2500
20210611

Dokumentar

Regi: Emil Trier

Stol på meg

Kinofilm

I 2012 hamna «Noregs Mark Zuckerberg» bak lås og slå i USA. Korleis gjekk tenåringen frå å ha makteliten i si hole hand til å verta ein stormannsgalen svindlar?

Kjeldeflod

Svaret er nok like samansett og uvisst som det Waleed Ahmed sjølv famlande prøver å setja ord på i starten og på slutten av den elegante, påkosta dokumentaren Stol på meg. Her er alle verkemiddel tekne i bruk i kvar minste detalj, frå snerten musikk til tydeleg skrifttype som får tankane over på typisk velproduserte dokumentarar i HBO-tradisjon.

Og i det havet av sannkrim han konkurrerer med, er det klart ein fordel å vera så heilstøypt og gjennomarbeidd. Tilgangen på kjelder har vore god, i alle fall kvantitetsmessig. På eit vis har Stol på meg klart å drukna seg sjølv litt i mange kjelder, framfor å gå djupare ned i materien.

Den beste kjelda er Waleed sjølv, men ironisk nok: Eg veit ikkje heilt om eg stolar på han, så slik sett er han eigentleg ei elendig kjelde. At det vert spela på at regissør Emil Trier har opparbeidd seg tillit hjå Waleed, verkar med andre ord ikkje frykteleg imponerande, då ein får kjensla av at han ville opna seg for kven som helst som den lurendreiaren han er.

Kven der

Han er utvilsamt eit fascinerande objekt, og eg saknar fleire som seier endå meir om korleis dei oppfatta han, som kompiskollegaen Fleming. Det vert skrapa litt i at han vart mobba, at han kjende seg utanfor sosialt, at han sleit med å vera den einaste «bruningen» på skulen.

Eg skulle gjerne visst endå meir, eg. Det kjem ulike teoriar om kvifor Waleed valde den hasardiøse vegen, for slik type millionsvindling i Porsche-klassen er verkeleg som teken ut av ein film. Når det er personlegdomen til Waleed som tek han på denne elleville ferda, kunne det vore vigd endå meir tid til kjelder frå barndommen eller til og med ein psykolog. I stadenfor vert det gjort stort nummer ut av etterforskinga i USA. Kanskje FBI, correctional facilities og district attorneys kling betre når formelen er å skreddarsy ein sannkrim etter amerikansk mønster?

Særleg siste delen vert noko langtekkeleg, sjølv om eg jo er altetande nok på sannkrimfronten til å føla meg underhalden for det aller meste. Det er som ein podkast som har fått foto og kinodistribusjon, noko som er kjekt, men ikkje strengt teke nødvendig.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis