Film
Perpleks positivisme
Eg ler så valkane ligg aldeles i ro.
Amy Schumer (Renee) har fått eit tamt manus.
Foto: Mark Schäfer / Norsk Filmdistribusjon
Renee (Schumer) slit med sjølvtilliten, men eit kraftig slag i hovudet får henne til å tru at ho faktisk er skikkeleg pen å sjå på, og såleis får ho trua på seg sjølv og får seg jobb som resepsjonist i det store sminkefirmaet ho jobbar på golvet for. Det er jo berre for godt til å vera sant!
Utsida inn
At venleik kjem innanfrå er noko berre godt vaksne, born og hundar veit er sant. For dei som er i målgruppa til I feel pretty, kunne skodespelarane like godt ha snakka gresk med greske undertekstar. Er det meininga me skal seia: «Stå på, Renee, du er verkeleg fin!»? Nei, me skal sjølvsagt le høgt av at ei relativt normalt kraftig, blond og søt nok ung dame innbiller seg at ho struttar av sjølvtillit. Alle kan jo sjå at ho burde skjemst! For å vera ærleg så trur eg ikkje alle som jobbar med kosmetikk, treng sjå ut som modellar. Dette verkar som ei gamaldags framstilling av bransjen.
Og viss meininga er å seia at du skal vera stolt over den du er, kvifor ramlar då den eine halvnakne midtsidepiken etter den andre inn, som for å fortelja deg kva som eigentleg er malen for venleik? Ikkje berre det, dei kastar inn litt utdriting av tynne folk, berre for å liksom hamna på begge sider. Gud, så feilslått.
Lamt og tamt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.