JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Påskekrim o’clock

Så var det endeleg dags for den beste TV-tida på året. Det bør helst sjåast lineært.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bertie Carvel spelar hovudrolla som Adam Dalgliesh.

Foto: William Martin / Channel 5

2963
20220408
2963
20220408

Eg har hoppa galant over siste sesongane av Vera og Shetland – dei som ikkje har gått lei, veit no uansett kva dei får – og tek for meg tre sjåverdige seriar. Og for å ikkje spara på spenninga til slutt: Gode gamle, men nye, Dalgliesh er min personlege favoritt i år.

Dalgliesh (TV 2 lineært frå 11. april). For nokon som har sett sin skjerv påskekrim med Roy Marsden som den barteprydde Adam Dalgliesh stort sett heile oppveksten, verkar det nesten som heilagbrot å gjenoppliva den gamle poeten og etterforskaren, men med nytt oppsyn i form av Bertie Karvel.

Han er akkurat passe skarp, kjølig og sympatisk til at eg straks tenkjer at han kanskje er ein perfekt arvtakar til den meir bryske Marsden-versjonen. Det nydelege med Dalgliesh er at dei held på at handlinga er lagd til syttitalet, men utan at det blir snilt og tannlaust. Det ser ut som dei har halde seg til dei opphavlege mysteria til forfattaren av suksessbøkene, P.D. James, og det er nok langt tryggare enn å prøva sko seg på karakternamnet og spinna tynne historier. Eit drap skjer, ein må finna ut kven det var, så skjer eit drap til – kvifor endra ei vinnaroppskrift som dette? Velkomen tilbake til påskene mine, Dalgliesh!

Showtrial (NRK lineært frå 11. april). Ein av sjangrane eg kan lika godt, er rettssaksdrama, i alle fall viss ein har nok stoff til at rettssaka faktisk vert spennande. Dette innfrir absolutt Showtrial, så får det våga seg at eg får lyst å smekka til hovudmistenkte, som dei nok med vilje har gjort så utoleleg frekk og kjip.

Unge Thalita og Dhillon er rikmannsungar sikta for å ha teke livet av klasseveninna si, og Thalita får oppnemnt Cleo Roberts som forsvarsadvokat. Det er det luraste ho kan gjera, og eg har fått ein ny advokatyndling som heldigvis karaktermessig er oppbygd slik at eg kan håpa på oppfølgjarar til denne solide om enn ikkje alltid heilt sannsynlege serien.

Nattdjevelen (NRK lineært frå 13. april). Kriminaletterforskar Colin Sutton er tilbake. Nokre har kanskje sett Besett av ein seriemordar, der me følgde den jordnære Sutton på hans hardtarbeidande reise mot å løysa tilsynelatande uløyselege saker.

Denne gongen dreiar det seg om ein serieforbrytar som valdtek gamle og ranar dei, ei faktisk sak frå Sør-London som strekte seg heilt frå 1992 til 2009, utruleg nok. Sjølv om serien er både spennande og likande, så klarar eg ikkje å rista av meg det faktum at det er Colin Sutton sjølv som står bak forteljinga, altså blir det noko irriterande fortreffeleg og ikkje-tilsikta skrytete over narrativet.

Så no har eg nemnt det, i grunnen berre ein uting, sidan det kan påføra andre sjåarar same irritasjon, men noko kritisk auge må ein faktisk ha når det er sannkrim me snakkar om. Som serie er det likevel definitivt sjåverdig og heilt innanfor i påska.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis