JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

På kanten av røyndomen

Kvifor vil så mange filmskaparar sprita opp ei historie når røyndomen i seg sjølv er dramatisk nok? Den nye Churchill-filmen er endå eit døme på historieforvrenging.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Winston Churchill, spela av Gary Oldman, viser sigersteiknet etter å ha fått gjennomslag i parlamentet.

Foto: Jack English / Focus Features

8747
20180202
8747
20180202

Det går ei Churchill-bylgje over verda. Kan grunnen vera at mange vanlege menneske lengtar etter politisk leiarskap ut over det trivielle? Teikn på at politikk òg kan dreia seg om moralske prinsipp, tunge prøvingar, om sveitte og samhald, framført i eit språk som er noko meir enn trivialitetar og platt sosialøkonomi?

Desse tankane melder seg naturleg etter Joe Wrights film Darkest Hour, som no går sin sigersgang over kinolerreta. Kjernen i filmen er dei tre fyrste vekene etter at Winston Churchill vart utnemnd som britisk statsminister 10. mai 1940 – ei overrasking for dei fleste. Churchill sa sjølv om dei vekene som følgde, at det dreidde seg «the hinge of fate» for Storbritannia, ei uhyggeleg, prekær krisetid. Lagnaden «hang på ei hengsle». Uttrykket kjem i Churchills eiga krigshistorie, i bandet om året 1942, men kan like godt gjelda for våren 1940.

Seinare i livet vart han spurd om kva for år han gjerne ville oppleva om att. «1940», var svaret «every time». Ikkje til å undrast over. For ei historie! Her treng me sanneleg ikkje filmregissørar for å skapa dramatikk.

FRED VIA MUSSOLINI?

I ettertid veit vi at Storbritannia desse dagane i mai var svært nær å innleia fredsforhandlingar med Hitler. Storbritannia stod åleine. Nederland, Belgia og Frankrike vart invaderte, Noreg og Danmark alt hærtekne.

Det var utanriksminister Lord Halifax’ tanke at det ikkje var noko anna alternativ enn å søkja om fred. (Ei god side ved filmen er at «appeasarane» ikkje vert framstilte som moralsk undermåls. Dei som søkte kompromiss med Hitler, var merkte for livet av massenedslaktinga under fyrste verdskrigen. Neville Chamberlain, til dømes, miste nevøen, Norman, i desember i 1917 og lova at han skulle via livet sitt til å unngå noko slikt att.)

Hadde Halifax fått viljen sin, ville europeisk historie ha teke ein dramatisk annan veg. Darkest Hour tek sikte på å ljossetja denne tida. Lukkast filmen?

DRAMATURGI OG SANNINGA

Som så mange gonger før må vi ta opp spørsmålet om diktarleg, det vil seia filmatisk fridom. Har vi rett til å koma med korreksjonar til ein film som ikkje utgjev seg for å presentera den fulle historiske sanninga? Kjem me då for nær å vera reine petimetrar?

Denne problemstillinga er gammal. Då NRK skulle skildra kong Haakons veg til Noreg frå København i 1905, la dei inn ei elskhugshistorie ved hoffet i Danmark. Det var heilt usant – og unødvendig. Då NRK vart konfrontert med denne historieforfalskinga, kom svaret omtrent slik: – Ja, ja, så kjem det vel snart ein annan historikar som meiner noko anna.

Ikkje berre er dette vulgært og kunnskapslaust; kommentaren reiser det viktige spørsmål om ekte historiske personlegdomar er heilt forsvarslause framfor sensasjonsjagande regissørar.

Eit anna døme: Då filmen om Kon-Tiki skulle lagast, la filmskaparane inn ein ny rollefigur. Det vil seia, dei framstilte den svenske ekspedisjonsdeltakaren, etter alle solemerke å døma ein solid kar, som ein kranglevoren intrigant. Familien vart rasande, som rett er. Og fekk det vanlege svaret: Vi må dramatisera for å få opp farten i framstillinga. Regissøren kravde filmatisk fridom.

Kvifor trur regissørar at me som sit der i kinomørkret, er så enkle at vi alltid skal piskast fram av dramatikk? Finst det ikkje ein etikk her?

BRUKEN AV CHURCHILL

Korleis skal me så vurdera Darkest Hour i dette perspektivet? For det fyrste: Skodelspelarprestasjonane er ypparlege, frå Gary Oldhams whiskydrikkande, buldrande og sigarrøykjande Churchill til heile scena av dramatis personae: kona Clementine, Chamberlain, Attlee og Halifax. Og Churchills sekretær. At filmen er vel verd å sjå, er klart.

Dinest, at filmen vert brukt for alt han er verd i brexitstriden i dag, seier seg sjølv. Det finst gode argument for å seia at Churchill ville vore «remain». Krigen dreidde seg nemleg ikkje berre om Europa, men også for Europa, meinte han. Statsministeren var klar på at Storbritannia ikkje ville greia seg utan Europa. Krigen dreidde seg djupast sett om den europeiske sivilisasjonen, og etter krigen tok Churchill kraftfullt til orde for europeisk samling.

Men er filmen sann? Her må vi framfor alt merka oss at filmen fell naturleg i to delar: vedtaksprosessen fram til utnemninga av Churchill den 10. mai versus dei fyrste vekene av statsministertida hans. Her legg filmen opp til ei fortetting. Desse sekvensane er ikkje tydeleg skilde, og det gjer det vanskeleg å fylgja med på det som skjer.

NOREG UTE AV BILETET

Desse innvendingane er ikkje trivielle. Hundretusenvis får inntrykk av korleis soga var, gjennom denne filmen. Det er ikkje likegyldig kva som sit att hjå sjåarane. Så her følgjer innvendingane mine:

Det merkelegaste med filmen er at felttoget i Noreg blir borte. Noreg er nemnt berre éin gong. Filmen tek til med eit sterkt åtak på Chamberlain av Labour-leiaren Clement Attlee i Underhuset. Felttoget i Noreg førte til at Chamberlain måtte gå, men det var Churchill som var mest sårbar.

Her ligg det historiske problemet som filmen underkommuniserer heile tida: Churchill vart statsminister trass i misera i Noreg. Noreg kunne lett ha felt Churchill. Som marineminister var Churchill hovudansvarleg for den britiske ekspedisjonen til Noreg. 10.000 mann kom til Åndalsnes. Dei var utan ski, dårleg førebudde og vart valsa ned Wehrmacht. Det vart ein katastrofe.

Så kvifor var det likevel Churchill som vart statsminister? Filmen gjev inntrykk av at Churchill vart boren fram av ei stor semje i Underhuset. Men det var flust med kandidatar, og mange var skeptiske til Churchill. Filmen underspelar kor skøyr støtta til Churchill var.

Toryane gløymde ikkje tragedien i 1915 i Gallipoli, ein freistnad etter initiativ frå Churchill på å gå til åtak på Europas «soft underbelly» for å korta ned krigen – ein katastrofe. Og like ille: at han hadde skifta side politisk fleire gonger i Underhuset. Han var ikkje til å stola på, meinte mange.

Churchill hadde mange fiendar i Labour òg. Arbeidarpartiet kunne ikkje gløyma han som aggressiv innanriksminister som mellom anna sjølv sjølv møtte opp i gatene under generalstreiken i 1926.

Men han hadde ein avgjerande føremon: Churchill hadde fått rett i dei systematiske åtvaringane sine mot Hitler. Det gav han eit moralsk overtak i 1940. Det var ikkje før om hausten 1940, under blitskrigen, det tyske luftåtaket mot Storbritannia, at britane og politikarane kan seiast å stå fast bak Churchill. George Orwell, til dømes, slo fast at det måtte ein aristokrat til for å berga landet. Ikkje minst, som det vart sagt, fordi han «mobiliserte det engelske språket og sende det i krigen».

ANGST OG SPLITTING

Ein skal heller ikkje gløyma at det er ei markert overdriving å seia at folket var samla. Vi har faktisk dei fyrste gallupundersøkingane frå 1940 (ikkje handsama vitskapleg enno). Dei syner mykje angst (mellom anna for flyåtak, med god grunn: 40.000 vart drepne av Luftwaffe) og tvil om ein ikkje burde søkja fred med Nazi-Tyskland. Scena der Churchill tek undergrunnsbana og får massiv stønad til motstandslina hjå passasjerane, er ikkje sann.

Og denne konstruerte scena misser eit viktig poeng: Churchill trong ikkje folkeleg stønad for å halda fast på den lina han hadde stått for sidan 1933. Opinionen var viktig nok, men ikkje avgjerande for han. Churchill stod fast i alle høve.

Uansett, det vart Churchill. Vedtaket om han kom i eit møte i kabinettet den 9. mai. Vi har metervis med studiar og augevitneforklaringar om kva som hende. Den tolkinga som etter mitt syn står seg best, er at Halifax drog seg attende rett og slett fordi han ikkje såg seg sjølv som «the man of the hour», altså best kvalifisert. Eit kompliserande moment er at Halifax som lord ikkje kunne møta i Underhuset. Det kunne nok ha vorte ordna, men dette poenget ser vi hjå Halifax sjølv i desse dramatiske timane.

LABOURS ROLLE

Heilt underkommunisert i filmen er den rolla dei to Labour-representantane spela, Clement Attlee og Arthur Greenwood. Dei ville ikkje ha Halifax. I eit teaterstykke om desse fem døgera eg såg i London for nokre år sidan, kom denne replikken frå Greenwood som eg trur er teken på kornet: «Me hatar kapitalismen, men me hatar fascismen endå meir.»

Altså, Halifax skjøna grensene for talentet sitt. Det er perspektiv over det. Han vart send til Washington som ambassadør og gjorde ein framifrå jobb der.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hundretusenvis får inntrykk av korleis soga var, gjennom denne filmen. Det er ikkje likegyldig kva som sit att hjå sjåarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis