Film

Overslipt diamant

Det som kunne vore ein knyttneve av ein film, har vorte eit slapt klask.

Då ein heimefødsel går gale, opplever paret, spelte av Shia LaBeouf og Vanessa Kirby, ei krise.
Då ein heimefødsel går gale, opplever paret, spelte av Shia LaBeouf og Vanessa Kirby, ei krise.
Publisert

Då Martha (Kirby) og Sean (LaBeouf) skal ha sitt første barn, har dei bestemt at det skal skje med heimefødsel. Når dette går tragisk gale, får dei ein kamp både med seg sjølve, med kjærleiksforholdet og med mora til Martha (Burstyn).

Reint drama

Det er godt at overflata er så fin, for det som ligg under i Pieces of a Woman, er ikkje pent å sjå på. Sorg gjer dei verste ting med folk. Lite hjelper vakkert hus med koseleg kjøken og tregolv når barnet ditt har døydd i rommet ved sida av. To attraktive menneske blir fråstøytande for kvarandre, og spørsmålet er om dei nokosinne kan bli til trekte av kvarandre igjen.

Den drygt to timar lange filmen frå filmskaparparet Kornél Mundruczó og dramatikar Kata Wéber skil seg dramatisk, bokstaveleg talt, frå deira to førre filmar, White God (2014) og Jupiters måne (2017). Dette dramaet har ingen av dei fantasifulle, bisarre og augeoppsperrande effektane, berre reint mellommenneskelege gnissingar og talande blikk.

Straumlinja sorg

Til liks med paret i filmen mista Mundruczó og Wéber sjølve eit barn under fødsel, noko som forklarer handlinga og avviket stilmessig frå tidlegare meisterverk. I heimlandet Ungarn var det i tillegg ei ekte rettssak mot ei jordmor sikta for å ha valda eit barns død, akkurat som i filmen. Så alt er tilgjeve sånn sett, sjølv om det ikkje er nokon stor film dei har enda med under amerikanske Netflix-venger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement