Film
Oskepott mot Goliat
Eller forstadsprinsessa som ingen kunne målbinda.
Jusstudenten (Jordana) får privatundervisning av førelesaren (Auteuil).
Foto: Another World Entertainment
Fyrsteårsstudent Nella (Jordana) vert møtt med utildekt snobbete, rasistiske utspel frå førelesar Pierre (Auteuil) fyrste dag på jusstudiet i Paris. For at han skal redda jobben, må han gi henne privatundervisning og få henne gjennom den store landsdekkande konkurransen i retorikk, utan at ho veit at han gjer det for å redda sitt eige skinn.
Fri og Frankrike
Oppskrifta er etter kvart velkjend: ung person med innvandrarbakgrunn lyt kjempa mot det kvite etablissementet. Då er slutten på filmen anten deprimerande «realistisk» eller naivt optimistisk. Ordets makt heller definitivt mest mot det siste, noko som gjer at filmen blir både fordøyeleg for eit større publikum og føreseieleg unyansert og konvensjonell. Det interessante er kor gamaldags Frankrike verkar gjennom filmar som dette. Både kvinnesynet og innvandrarsynet er nok hakket meir polarisert enn her heime, noko som er forståeleg nok – stigmaet blant mørkhuda frå forstadene der er gigantisk samanlikna med det enkelte prøver bygga opp om Stovner og Grorud. Så er også Frankrike hakket meir elitistisk enn framleis velsigna egalitære Noreg. Så lenge det varer.
Ungdomsfilm
Av og til tenkjer eg at eg er for gamal for slike filmar. Eg rullar med auga kvar gong ein ny floskel vert servert, eller ein av dei obligatoriske «rørande»-knappane vert slått på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.