Film

Operasjon fødselsdepresjon

I den grad det er underhaldande å sjå menneske lida, så kan det seiast om Tully.

Marlo (Charlize Theron) vert uventa gravid med nummer tre.
Marlo (Charlize Theron) vert uventa gravid med nummer tre.
Publisert

Med to krevjande ungar kunne Marlo (Theron) vore meir oppglødd over å få ein uventa tredje på toppen. Broren tipsar henne om ein nattpleiar som kan ta seg av stellet og syta for litt etterlengta søvn, men då Tully (Davis) dukkar opp, viser det seg at ho blir så mykje meir enn berre ein pleiar.

Kjære mor

Charlize Theron kler rolla som kval på land. I Hollywood skal ein alltid vera mistenksam når pene damer gjer seg «stygge», men uansett om Theron igjen har tenkt å ta ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle (som ho gjorde då ho portretterte seriemordaren Aileen Wournos i Monster i 2004), gjer ho det verkeleg med overtyding. Her får me sjå ei gravid og post-gravid kvinne i all si sveitte, vaggande prakt. Når rektor på den snobbete skulen dei har klart å få ungane inn på, seier «du strålar», er det eit spark til idyllmytar om graviditet, til liks med resten av filmen. Til tider er det så realistisk at det grensar til fysisk ubehag.

Finst det ingen lyspunkt i denne heseblesande kjernefamiliekvardagen? For Marlo og mannen Drew (Livingston) kjem det i form av chipseting framfor realityserien Gigolos for henne og skytespeling i senga for hans del. Ikkje det me fyrst og fremst knyter til romantikk, men så er det heile poenget med Tully – til det nesten parodiske skal me forstå at småbarnslivet er eit helvete på jord.

Indiegranskauen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement