Onomatopoetikon!
Skikkeleg kul animasjon – det er kult, det.
Shameik Moore har hovudstemma i den nye Spider-Man-filmen.
Foto: Sony Pictures Animation
Animasjon
Regi: Joaquim dos Santos, Kemp Powers, Justin K. Thompson
Spider-Man: Across the Spider-Verse
Stemmer: Shameik Moore, Hailee Steinfeld, Jason
Schwartzman
Kinofilm
Spider-Man kjenner seg litt einsam, som den einaste edderkoppmannen i heile universet, særleg når han veit at uti eit anna univers finst den nye venen Gwen og ein heil haug andre edderkoppmenn og -kvinner. Fyrst når den nye slemmingen Spot dukkar opp, trengst det forsterkingar – på kryss av edderverset.
Team Spider
I 2018 kom nok ei Marvel-satsing på banen, til alt overmål i teiknefilmform, etter ørten ulike «levande» Spider-Man sidan Tobey Maguire opna ballet i den Sam Raimi-regisserte Spider-Man (2002), som var ein strålande film og ein like strålande suksess. Difor var det forfriskande då Spider-Man: Into the Spider-verse (2018) kom, med ei kjensle av nostalgi for teiknefilmen og samtidig så nyskapande i stilen at du fekk litt hakeslepp. Pluss at handlinga var knakande god og med enorme dosar actionsekvensar og -effektar.
Klart det var duka for ein oppfølgjar! Det tok likevel si tid, og alle dei tre (!) regissørane frå fyrste filmen var bytte ut med tre nye. Det same med manusforfattarane. Gjengen bakom – filmen er produsert av Sony – minner mest om eit syndikat, likt dei som skreiv bøkene om Hardyguttene og Frøken Detektiv: Formelen er klar, måk ut så mange oppfølgjarar som mogleg, takk skal de ha! Og folkens – trakk på gassen, her skal det regna edderkoppmenn av alle sortar!
Mø, for ein film!
Rollegalleriet i Spider-Man: Across the Spider-Verse er både fargerikt og mangfaldig, slik det heldigvis er no til dags. Dei mange karakterane har på eit eller anna tidspunkt dukka opp i ein teikneserie, eit videospel eller som den indiske Spider-Man, Pavitr, berre på trykk i India i ein 2005-versjon av teikneserien.
Trass i noko heftig produktplassering og eit innlysande mjølkekupreg – ver du sikker; det kjem tusen oppfølgjarar til denne oppfølgjaren – er dette moro! Sjølve animasjonen er så observant og presis at du knapt tenkjer på at dei ganske godt emosjonelt utvikla hovudpersonane ikkje er ekte. Og swooh, kaboom, woosh – spesialeffektane er meir imponerande enn noko eg har sett på livefilm på lenge, med tilgjeveleg få daudpunkt til å vera ein altfor lang film. Det er berre å ta av seg hatten: Bra mjølka, Sony!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.