Om mus og algoritmen
Drømmemannen svingar seg elegant og humoristisk mellom fantasi og filosofi.
Forskaren Alma (Maren Eggert) blir med i eit eksperiment der ho skal leve med den humanoide roboten Tom (Dan Stevens).
Foto: Christine Fenzl / Arthaus
Komedie, drama
Regi: Maria Schrader
Drømmemannen (Orig. tittel: Ich bin dein Mensch)
Med: Maren Eggert, Dan
Stevens, Sandra Hüller
Kinofilm
For å finansiera forskinga si går Alma (Eggert) med på å hjelpa til med ei anna forsking: Oppdraget er å leva tre veker med ein nøye programmert humanoid robot for å sjå om han kan verta draumemannen. Men Tom (Stevens) er ikkje som robotar flest. Eller er kanskje ikkje robotar som robotar flest?
I’m your man
På same måte som forfattar Kurt Vonnegut er eit klart unntak for meg som ikkje likar science fiction-bøker, så finst det også heiderlege «realistiske» filmar i same sjanger.
Spike Jonzes Her (2013) har fleire felles kryssingspunkt med Drømmemannen – ein kan faktisk sjå for seg at kunstig intelligens på eit tidspunkt vil konkurrera med menneskelege interaksjonar. Men kan han erstatta dei til sjuande og sist?
Originaltittelen Ich bin dein Mensch (Eg er mennesket ditt) rommar langt meir enn det platte Drømmemannen: Alma er ei komplisert, samansett, moderne kvinne som finn det nærast fornærmande at Tom, med sine algoritmar baserte på 17 millionar mindfiles frå tyske kvinner, meinar han skal kunna forstå kva lengslar og behov ho har. Enkelte utspel er latterlege, men så er heldigvis dette ein komedie, så det er heilt på sin plass.
Eksistans
Sjølv om filmen ikkje direkte minnar om Min pappa Toni Erdmann (2016), har dei ein del felles trekk, og eg vil nesten gå så langt som til å «floskla» om at likte du Toni, er det ein overhengande fare for at du vil lika det smått absurde, artige og varme universet i Drømmemannen òg.
Rollebesetninga er også like god, til og med ein overlapp i Sandra Hüller som noko klønete robotrådgjevar. Maren Eggert som Alma framstår langt frå perfekt, noko som gjer henne endå meir likandes. Når ho får påpeikt av Tom at ho græt for si eiga skuld og ikkje fordi andre lir, er det som ein påminnar til oss sjølve om motiv og tilhøyrande reaksjonar. Og når Tom oppsummerer ei eksistensiell krise for Alma, så læt det så banalt, som ho korrekt kommenterer. Eksistens er kanskje banalt, kan ein undra vidare. Det er ikkje ofte ein film vekkjer slike filosofiske retningar, og på så kløktig, morosamt og smakfullt vis.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Originaltittelen Ich bin dein Mensch (Eg er mennesket ditt) rommar langt meir enn det platte Drømmemannen.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.