Film
Om menn og mus og fjell
Klassiske mannedrama har vel også livets rett, all den tid dei er så vellaga som dette.
Alessandro Borghi (t.v.) og Luca Marinelli i rollene som høvesvis Bruno og Pietro i Alpane.
Foto: Alberto Novelli / Selmer Media
Då sommarferiane vert lagde til ei hytte oppi fjella i Valla D’Aosta, vert unge Pietro kjent med Bruno, som arbeider på setra til onkelen når han ikkje er med faren på murarjobbing. Åra går, dei har ikkje så mykje kontakt, men foreldra til Pietro (Marinelli) held stadig kontakten med Bruno (Borghi). Så skjer det noko som gjer at Pietro vender tilbake til fjella.
Gutefilm
Menn og fedrane deira, menn og naturen, menn og venskap – det klør ikkje akkurat i hjernen min av forventningar til desse gjennombehandla temaa, både på film og i litteraturen. Og det er nettopp romanen med same tittel som er utgangspunktet, bestseljaren skriven av Paolo Cognetti, men ikkje basert på livet hans, som eg kanskje tenkte.
De åtte fjellene er med andre ord ei slags maskulin ønsketenking. Heilt sidan eg las Tom Sawyer fyrst og så bøkene til John Steinbeck nokre år seinare, har eg automatisk identifisert meg med dei mannlege hovudpersonane, deira dilemma og kvalar, gleder og undringar. Det var ikkje før eg blei eldre, at eg reagerte på at kvinner så til dei grader ikkje figurerte i fiksjonen på tilsvarande måte. Jenter ser filmar om gutar, gutar ser ikkje filmar om jenter (ikkje mine ord, Hollywood sine). Så klarar eg å rista av meg min feministiske irritasjon? Ja då. Eg òg vil jo til fjella!
Tilbake til kulturen
Og for nokon fjell! Valla D’Aosta ligg heilt nord i Italia, kjent for både Matterhorn og Mont Blanc, og skiturisme. Men det er ikkje eit skitrekk i sikte i De åtte fjellene, berre nydeleg, bratt alpelandskap og nesten synleg lukt av gras og kyr. Og så to særdeles barske, vakre menn som klarar å vera truverdig barske og sårbare på same tid, på ein herleg lite klisjéaktig måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.