JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Og like viktig – med hjartet tilgjengeleg til rette tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein ung gut vert halden kunstig i live medan ein annan pasient ventar på eit nytt hjarte.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2228
20170707
2228
20170707

Drama

Regi: Katell Quillévéré

Liv til de levende (Orig. tittel: Réparer les vivants)

Med: Emmanuelle Seigner, Anne Dorval, Tahar Rahim

Medan ein ung gut vert halden kunstig i live, ventar ein annan på å få nytt hjarte transplantert. Rundt desse to lagnadene vev regissøren inn liva til vener, kjærastar og familie i eit spennande, men roleg løp mot tida.

Organisk

Organdonasjon – dette ordet er så klinisk og vekkjer samstundes så mange assosiasjonar. Kva om det var du som måtte ta stilling til at son din skulle koplast av maskina som heldt han i live? Og at hjarta hans kunne redda livet til eit menneske du ikkje veit noko som helst om? Regissør Quillèvèrè presterer å framstilla denne lada problemstillinga utan bruk av svulstig musikk og tåredryppande føleri. Det i seg sjølv er bra gjort, med så store tema på blokka. Men så er det ofte slik at i røynda reagerer ikkje folk nødvendigvis med hysteri når dei står overfor dramatiske, traumatiske hendingar – folk klarar å fatta seg. Den trass i alt nøkterne oppførselen til hovudpersonane bidreg til at Liv til de levende klarar å vera ein god, truverdig film om liv og død – og hjartetransplantasjon.

Bit for bit

Eg likar flettefilmar, filmar der fleire historier blir knytte saman med ein raud tråd. Som Short Cuts (1993) av Robert Altman og Magnolia (1999) av Paul Thomas Anderson, for å ta eit par amerikanske, opplagde gullkorn. Liv til de levende er ikkje like intrikat, men klarar like godt å introdusera rollegalleriet: det fråskilde foreldreparet til surfeguten, kjærasten hans, kvinna som treng eit nytt hjarte og hennar næraste, det medisinske personellet. Dilemmaet vert sett på frå alle sider, og omtanken for dei involverte vert jamt fordelt. Eg skulle kanskje ynskt meg endå meir innsyn i tankane til dei som jobbar på sjukehuset, dei som har med dette å gjera på eit meir upersonleg plan.

Alt i alt er det uansett eit drivande drama som vil fenga på fleire plan. Du får neppe sjå ein så grafisk film knytt til hjartetransplantasjon igjen, noko som i seg sjølv gjer Liv til de levende sjåverdig utover det vanlege.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis