Film
Nydeleg innpakka tettpakking
Om du er Olivia Colman-fan, får du definitivt valuta for pengane. Om du er Olivia Colman-fan.
Olivia Colman spelar hovudrolla som kinosjefen Hilary. Micheal Ward spelar den nye medarbeidaren Stephen i den ærverdige kinoen Empire.
Foto: Disney
Det er starten på åttitalet i den vesle kystbyen Margate. På den framleis staselege kinoen Empire jobbar Hilary (Colman) som leiar, under (bokstaveleg tala) kinosjefen Ellis (Firth). Når unge, svarte Stephen (Ward) tek til å jobbe der, får ho auga opp for både rasisme og andre menn enn Ellis. Livet ser lysare ut enn på lenge, som er filmspråk for at noko trist skal skje.
Kinoen
Det er som om eg skal smelta ned i stolen av glødande nostalgi og smertefull lengsel etter ei tid der kino var synonymt med art deco, ei tid eg knapt kan hugsa, men som eg har sett så mange filmar framstilla, at eg kunne sverja at alle kinohus ser sånn ut. Eg må seia det skal bli artig å sjå ein film som hyllar kjøpesenterkinoane eller ombygde ungdomshus, men enn så lenge frydar eg meg over detaljane og linjene i kinoen Empire, for ikkje å snakka om den nedlagde dansesalen der duer og turtelduer oppheld seg mens andre må ta seg av kinojobben, tydelegvis.
Det er ein god del rare brot med røynda der eg ikkje forstår korleis dei som sit i kiosken og innsleppet, kan stikka av i det som verkar som timevis, utan at dette har nokon konsekvens. Noko å henga seg opp i, eigentleg? Tja, det bidreg iallfall til at eg ikkje føler Empire of light prøver å få meg til å tru at dette skal vera realistisk. Samtidig som den andre tider tilsynelatande prøver krampaktig på akkurat dette.
Olivi-ja
Problemet er kanskje at filmen gapar over for mykje – psykisk sjukdom, rasisme, aldersforskjell, ein dæsj metoo og ausevis med nostalgi for kinoen. Det er så ein får framvisarlyset rett i auga og ikkje ser noko. Empire of light er ikkje åleine om å hylla svunne filmtider for tida, med både Babylon og The Fabelmans ute i same ærend.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.