JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Nyansert og underhaldande drama om aldersforskjell? Ja takk!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Julianne Moore som Gracie Atherton-Yoo og Charles Melton som Joe.

Foto: Netflix / Ymer Media

3634
20240223
3634
20240223

Drama

Regi: Todd Haynes

May December

Med: Natalie Portman,
Julianne Moore, Charles Melton
Kinofilm

Skodespelar Elizabeth (Portman) skal spela rolla som Gracie (Moore), som hamna i fengsel då det vart oppdaga at ho venta barn saman med 13 år gamle Joey (Melton).

Sladderpressa og tvilsame TV-filmar om det skandaløse forholdet har alt gjort sitt for å øydeleggja for familien, som no har tre nesten vaksne ungar å ta omsyn til, men Elizabeth lovar at dette vil gje dei oppreising heller enn å gjera livet til eit helvete nok ein gong. Mon det.

Lyt og lær

Ein ny Todd Haynes-film er god grunn til å skru opp forventningane (Dark Waters frå 2019 og Carol frå 2015 kan nemnast som døme). Det har teke vinter og vår før denne siste endeleg har kinodistribusjon i Noreg, men eg vil påstå det var verdt å venta på. Så var det sagt.

Det er ikkje dermed sagt at det er ein lytefri film, men det kan ikkje ha vore meininga heller. Den verste «feilen» er Natalie Portman. Ho er så falsk og tilgjord at det gaular «slem karakter» av heile rolla. Altså ville eg sagt lite truverdig, sidan dette er eit plott med uendeleg mange lag og nyansar.

Men så, etter kvart, fungerer desse opplagt provoserande trekka som ein slags spegel, der dei andre karakterane tydelegare får vist fram sine mange sider, ikkje berre einsidige dei heller. Ubehaget som set inn alt frå starten, har også ein spegeleffekt på meg som sjåar: Er eg villig til å gå med på at ein 36-åring kan ha eit uproblematisk amorøst forhold med ein 13-åring sjølv om dei tilsynelatande har det fint 25 år seinare?

Charles Melton er glimrande i rolla som far, ektemann og «offer».

Aldersbevisst

Charles Melton er glimrande i rolla som far, ektemann og «offer». Han framstår som både umoden og overmoden, noko som jo kunne stemt godt overeins med kva ein tenkjer skjer om ein ung gut blir kasta ut i vaksenlivet utan kjangs til å leva ut dei mest turbulente, hormonelle åra som nettopp ein ung gut.

Korleis kjønnsperspektivet formar historia, er også interessant – kunne ein snudd dette på hovudet og late det vera snakk om ei 13 år gamal jente? Sjølvsagt, ein kan uansett kalla det barnerov, men det å la den eldre Gracie vera sårbar og ustabil gjer at gråsonene blir endå gråare.

Tematisk er det litt i same leir som Licorice Pizza (2021), Paul Thomas Andersons knallgode komediedrama som også hadde denne aldersforskjellsproblematikken, berre i samtid: Det å vera vitne til korleis eldre dame / ung mann utartar seg der og då, er lettare å slå ned på enn når ein ser på paret fleire år seinare og ser at dei begge er vaksne menneske med eit godt liv.

Sjå og høyr

Tittelen May December kjem frå eit engelskspråkleg uttrykk som viser til ein ung person (May) som er i lag med ein eldre person (December). Det sladderbladaktige utgangspunktet appellerer til mange, inkludert meg sjølv. Difor er det ekstra gjevande at det verken blir noka glorifisering eller rein skurkifisering av Gracie (eller Joey) – dei er begge eit forhold og har sine dårlege sider og ting å stri med.

Eit samliv er komplisert, mest på grunn av daglege utfordringar, langt meir det enn aldersforskjellen. Difor er medieaspektet, som Elizabeth representerer, og vår evige kikarmentalitet bidrag til å gjera livet vanskelegare for folk. May December klarar å peika på alt dette utan å faktisk bruka moralsk peikefinger. Sjåaren kan heller kjenna på ubehaget og samstundes vera ekte distansert underhalden utan å føla seg altfor kikaraktig. Perfekt!

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast film­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis