Film
Nyansar av Jesus
Disco er langt mindre provoserande enn det du kanskje håpar på.
Josefine Frida Pettersen spelar Mirjam.
Foto: Jørgen Nordby
Unge Mirjam (Pettersen) er verdsmeister i discodans, samtidig som ho investerer mykje tid i kyrkjesamfunnet Friheten, som mora (Skjeldal) og stefaren (Broch) driv. Sjølv er ho usikker på om ho lever livet i tråd med det Jesus vil, og om ho tilber han på rett måte.
Etter at regissør Jorunn Myklebust Syversen kom med langfilmdebuten Hoggeren (2017), verserte det rykte om ein film ho ville laga om karismatiske kyrkjelydar og discodans. Berre blandinga er nok til å få opp forventningane.
Og no er Disco her – i all sin underlege prakt. Starten kunne vore laga av Baz Luhrman (tenk fargesprakande Strictly Ballroom eller Moulin Rouge), men utviklar seg meir i retning av Ulrich Seidl (med sin tablårike, småabsurde Paradise-serie), men heilskapen til filmen er eine og åleine skapt av Jorunn Myklebust Syversen. Dramatikken er gjennomgåande nedtona, lange sekvensar gjev rom for å klø seg i hovudet over kva som eigentleg skjer. Svaret på dette får ein ikkje alltid, noko som gjer filmen open for så mange tolkingar som hjartet måtte lysta.
Dei ulike kyrkjesamfunna Mirjam oppsøkjer, vert ikkje utsette for direkte kritikk gjennom hovudpersonen. Den sunne skepsisen uteblir, både til det å forføra unge med kristne bodskap gjennom suggererande popmusikk, til TV-predikantane frå indre Enfold, til den sektliknande kvittkledde gjengen som kanskje er det minst realistiske i filmen. Skepsisen må ligga hjå sjåaren, noko som vil variera ut frå ståstaden til den enkelte. Sånt blir det gode diskusjonar av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.