JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Nordnorsk noir

Ottar Brox har i 60 år kjempa for kystfolks rettar, slik den nye filmen viser: Kampen har vore heroisk – og dømd til nederlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ottar Brox ønskte seg ei desentralisert ressursforvalting som sikra fiskeri og foredlingsanlegg langs kysten.

Foto frå filmen

10390
20230120
10390
20230120

Dokumentarfilm

Hans Eirik Voktor og Eirik Jacobsen:

Ottar Brox. Kampen om kysten

Altibox har kjøpt rettane for seks månader, og filmen vil bli vist på kinoar i Nord-Noreg.

Onsdag denne veka hadde dokumentarfilmen om Brox – Ottar Brox. Kampen om kysten – premiere på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Frå Tromsø er det kort veg til Senja, i det minste om ein tek sjøvegen. Brox vaks opp på yttersida av øya, i det som den gong var Torsken kommune.

Brox er fødd i 1932, inn i eit livskraftig lokalsamfunn med ein særeigen kultur. Han krinsa rundt éin ressurs. Fisken fanst ofte i store mengder kort unna husa til folk, slik at dei kunne nå han i små båtar. Det var derfor folk busette seg langs desse elles ganske ugjestmilde kystane – ikkje for hundrevis, men for tusenvis av år sidan.

Her hadde dei sitt einaste komparative fortrinn. Livsforma dei utvikla, var fleksibel og tok omsyn til sesongar og naturlege svingingar i fiskebestanden. Når det var fisk å få, dreiv folk med fiske, handsaming av fisk og eksport av fisk. Ved sida av hadde dei småbruk eller dreiv med andre syslar. Torsken var berre eitt av hundrevis av liknande små samfunn langs heile kysten, spesielt i Nord-Noreg.

Statsminister Jens Stoltenberg stod for den offisielle opninga av Aker Seafood i Mehamn i 2006.

Statsminister Jens Stoltenberg stod for den offisielle opninga av Aker Seafood i Mehamn i 2006.

Foto frå filmen

Tiårsplan

I dei første åra etter krigen var det enno stor optimisme. Ingenting tydde på at denne gamle livsforma var i ferd med å bli fasa ut. Men så gjekk det nedover, og det gjekk fort. Filmen handlar om denne utviklinga, om kva som eigentleg skjedde. Det er sjølvsagt nett det store delar av livet til Brox har handla om.

Omtrent då den unge Brox begynte å studere, blei den første Nord-Noreg-planen sett i verk. Planøkonomar som Ole Colbjørnsen (Ap) hadde vore i Moskva og studert femårsplanane der. No skulle Nord-Noreg moderniserast etter liknande prinsipp. Det innebar sentralisering og utbygging av tungindustri, på nye stader som låg ved ein foss inst i ein fjord, eller i eit nybygd regionssenter for fiskeindustri, som Hammerfest.

Moderniseringa skulle få folk bort frå det slitsame og gamaldagse småtteriet dei hadde halde på med, og over i industrien. Fiskarbonden skulle bli skiftarbeidar og helst flytte til byen. Fiskeriet skulle over på trålarar som leverte råstoffet til store industribedrifter på land. Målet var, slik Einar Gerhardsen i filmen seier det i ein tale til folket, å kunne gjere «landet langt der oppe mot nord til ein fullverdig del av fedrelandet».

Kva skjer i Nord-Noreg?

Då ein nyutdanna Brox kom tilbake i 1960, var verknaden av den første Nord-Noreg-planen godt synleg. Som tilsett ved Tromsø Museum reiste han rundt i regionen og samla inn gjenstandar frå den gamle, museumsklare kulturen. Både han og folk han trefte, oppfatta alt dei små plassane langs kysten som dødsdømde. Sjølve utviklinga syntest å motarbeide at folk skulle bu og arbeide der. Utan at han ante det, hadde Brox begynt å samle inn materiale til det som skulle bli boka Hva skjer i Nord-Norge? (1966).

Boka sette ord på ei utvikling folk såg, og kjende på kroppen, men ikkje heilt skjønte intellektuelt. Kysten kunne nesten like gjerne ha blitt ramma av ein naturkatastrofe. Men Brox peikte på korleis alt var resultatet av ein høgst medviten planlagd politikk. Boka blei ein bestseljar og eit kamprop for ein heil generasjon.

Brox’ originale og kontrære idé var i essens denne: Den nordnorske livsforma var tufta på sunne og rasjonelle verdiar, både økonomisk og økologisk. Fisken blei henta opp med langt mindre kapital og energi samanlikna med trålarar. Verdien kom kystsamfunna til gode. Fleksibilitet var naudsynt. Det var industrimodellen, med digre anlegg og fabrikkar som kontinuerleg trong store mengder råstoff, som var irrasjonell. Ein av fiskarane vi møter i filmen, peiker på at om Noreg skal kome gjennom det grøne skiftet, så må kystflåten vere ein del av løysinga.

I botnen av Brox’ resonnement låg det ein for mange irriterande idé om at folk lokalt kjenner sitt eige beste, betre enn planøkonomane og politikarane som kanskje aldri hadde vore nordpå og ikkje kjende dei særeigne lokale mekanismane eller behova. Hadde nokon av planleggarane spurt folk om kva dei hadde bruk for, spurde Brox, og det blei stille.

Brox’ bok gav mange eit analytisk verktøy som kunne brukast til å skjøne og protestere mot utviklinga. Han blei ein profet blant sine eigne, men ikkje i dei skiftande regjeringane eller i departementa. Der var han snarare Ottar den villfarne.

For å få meir gehør for tenkemåten sin gjekk han inn i politikken og sat på Stortinget for SV i perioden 1973–1977. Det var ei frustrerande tid for Brox.

Filmen om Ottar Brox hadde premiere onsdag.

Foto: Per Anders Todal

Spikra igjen

Filmen Ottar Brox. Kampen om kysten følger utviklinga i fiskeria gjennom 70 år. Ved å fokusere på dei lange linene greier filmskaparane å fange dei avgjerande brota i tenkemåtar rundt fisk, lokalsamfunn, rettar og utvikling – heile tida med ein ung eller gamal Brox som kommentator til det som skjer. (Eg freista å nytte Brox litt på same måte då eg i 2006 gav ut ei bok med same tittel som klassikaren til Brox.)

Filmens mange små arkivinnslag frå TV-reportasjar og debattar skapar pregnante små aha-opplevingar. Vi møter lakoniske og resignerte kystfolk i svartkvitt. Som mannen og kona som blir tvinga til å forlate heimen, som dei siste i været. Mannen svarar reporteren med eit nikk til brenninga og evakueringa under krigen: «Nei, vi har ikke lyst til å flytte. Vi har hatt en evakuering, og det var vel nok for oss.»

Resten av folket i bygda hadde fått støtte til å flytte og å kondemnere båtane sine. Ingenting var investert for at folk skulle kunne bli verande. At kulturlandskapa som vart rasert, hadde verdi, synest ingen å ha kome på.

I gamle innslag får Brox høyre av politikarar frå Høgre eller Ap, folk som Per Kristian Foss eller Gunnar Berge, at ideane hans er naive og tilbakeskodande og umoglege å halde fast ved i det moderne Noreg. På 1990-talet seier Berge til Brox i ein TV-debatt: «Du har predika den same bodskapen i heile etterkrigstida. Men viss ideane hadde hatt berekraft, kvifor har dei aldri fått gjennomslag?!»

Frå Kystaksjonens demonstrasjon ved Stortinget i mars 2014.

Foto: Morten A. Strøksnes

Omsettelege kvotar

Svaret på Berges spørsmål er, slik filmen viser, komplekst og mangearta. På 1950- og 60-talet var det den planøkonomiske moderniseringsideologien som rådde. På 1970- og 80-talet skulle resultatet av planane, som var gjennomførte med enorme menneskelege og økonomiske kostnadar, vise seg. Det gjorde dei, men ikkje slik det var tenkt.

Snarare skjedde det som Brox hadde tenkt og åtvara mot. Det blei ressurskrise, konkursras. Dei store industrieiningane mangla fleksibiliteten som låg i det gamle systemet. Folk kunne som oftast ikkje flytte tilbake til staden dei kom frå. Fiskeværa var avfolka, berre nokre falleferdige kaier og rønner stod igjen og vaia i vinden. Politikken snudde om på 1990-talet, også denne gongen i tråd med dei dominerande ideologiske vindane. Då var det ikkje lenger amatørstalinisme som gjaldt, men marknadsliberalisme. Retten til å fiske blei frå no regulert av eit system med omsettelege kvotar. Dei som tilfeldigvis var i fisket akkurat då systemet blei innført, fekk ei verdifull gåve frå staten. Men i praksis blei fisket stengd for nye deltakarar utan tilgang på kapital – altså for lokal ungdom som ville inn. (I dag kan ein sjarkkvote koste opp mot ti millionar.)

Systemet har ført til ein konsentrasjon av eigarskap til dei verdifulle kvotane. Dei blir flytta sørover, og over på stadig færre hender, stikk i strid med alle politisk vedtekne prinsipp for norsk fiskeriforvaltning.

Parallelt med dette har det sidan 1990-talet blitt slik at fisk verd milliardar aldri ser kysten av Noreg. Fisken går frå fabrikktrålarar rett til lågkostland, eller til flytande internasjonale fiskebørsar.

Stokk, steine dumme

Mange av dei gamle industribedriftene eigde både fabrikkar og trålarar med fiskekonsesjonar. Kjell Inge Røkke visste kor verdiane låg då han med Jens Stoltenberg (Ap) og Yngve Hågensen (LO) som døropnarar fekk ta over dei store industribedriftene i Melbu og Mehamn. Røkke fekk slik tilgang på enorme kvantum torsk i form av trålarkvotar. Leveringsplikta til den landbaserte industrien blei sabotert frå dag éin.

I eit klassisk klipp, som også er med i filmen, gir Røkke klar melding: «Det er en dreining som er uunngåeleg, som skjer, og kommer til å skje. De som ikke er villige til å se faktum i øynene (…) enten forstår de det ikke, de er stokk, steine dumme, eller ondsinnede.»

Politikarane og byråkratar lét Røkke sleppe unna med dette.

I dag er vi komen dit Brox, i ulike variantar gjennom 60 år, heile tida har åtvara mot. Systemet er rigga slik at verdiskapinga av fisken forsvinn bort frå kysten. Det er gått så langt at Riksrevisjonen i 2020 karakteriserte situasjonen som «alvorleg», det nest høgaste kritikknivået dei bruker i rapportane sine. Grunnen er konsentrasjonen i kvotar, og at aktiviteten i lokalsamfunna langs kysten er blitt systematisk reduserte. Det er ein flengande kritikk av norsk fiskeriforvaltning.

Som ein skjebneironi var Per-Kristian Foss riksrevisoren bak rapporten. Hadde Foss høyrt på Brox for 30 år sidan, ville ikkje Riksrevisjonens alarm ha vore nødvendig.

Plebeiar i dress

I 2019 blei kvotemelding nr. 32 handsama av Stortinget. Brox sit mot slutten av filmen på galleriet og følgjer med, kanskje med eit løynleg håp om at sunn fornuft endeleg skal ha kome på moten. Opposisjonen har lagt inn forslag om å fordele kvotar frå trålarane til kystflåten, for å sikre at fiskeripolitikkens offisielle målsettingar blir gjennomførte i praksis.

Odd Emil Ingebrigtsen (H) var fiskeriminister på denne tida. NHO-mannen og investoren var ein vanleg norsk fiskeriminister, og dermed reiarlaga og oppdrettskonserna sin mann. Ingebrigtsen avviser forslaget og seier: «Hvorfor går det så bra i Båtsfjord? Jeg tror det koker ned til at det handler om personer og drivkraft og jobbing.»

Brox har brukt livet på å vise konsekvensane av strukturpolitikken som blir ført, for sysselsetting, busetnad og aktivitet langs kysten. Berre for å mot slutten å få høyre av ein høgremann frå Bodø at alt kokar ned til individ, til at nokre er arbeidsame og flinke, men andre er late og udugelege.

Brox hadde all grunn til å bli lang i maska. Det har alle som ser filmen. Det er på tide å tenke gamalt.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis