JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Nordlys og kinomørke

Filmmeldarane i Dag og Tid stikk fingrane i Tromsø-snøen og testar ut eit knippe festivalfilmar. Nokre av dei kjem også på kino alt denne veka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmskaparen Mohamed Jabalay held humøret oppe.

Foto: Stray Dogs Production

3353
20240119
3353
20240119

Tromsø Internasjonale Filmfestival

15.–21. januar 2023

Dei fyrste dagane på Tromsø Internasjonale Filmfestival har sendt meg til Tyrkia to gonger (det interessante rettsdramaet Hesitation Wound og månadens film på Cinemateket, intenst sjåverdige About dry grasses), til Russland med ein slags bygdekinobil (saktegåande Grace), til Canada for å sjå på utruskap (ikkje spesielt god romantisk komedie i Nature of Love) og til USA for å sjå korleis teppeindustrien funkar (litt skuffande Carpet Cowboys). Ingen grunn til å klaga over mangfaldet, som alltid på Tiff.

Ambulerande

Det er ikkje anna enn på sin plass at Tiff vel seg sin «eigen» Mohamed Jabaly til å stå for opningsfilmen i år. Den palestinske filmskaparen kom til Tromsø på utveksling frå Gaza i 2014. Då grensene vart stengde, måtte han i fyrste omgang ufrivillig få utvida opphaldet sitt. Tilbake i Gaza filmar han krigshandlingane, og då han returnerer til Tromsø, vert dette materialet til den viktige dokumentarfilmen Ambulance (2016).

I år kjem han med ny film, Life is Beautiful (Al Haya Helwa), skreddarsydd for Tiff, då filmen handlar om Jabalys prosess for å få opphaldsløyve og alle folka i Tromsø han fangar på film. Med sterke krefter i det norske filmmiljøet har han all verdas støtteapparat for å få dette i boks, men det viser seg at sjølv privilegerte kunstnarar ikkje utan vidare går inn i ein lett prosess i møte med Utlendingsnemnda.

Avslag etter avslag vert følgde i filmen, saman med opptak av Mohamed i samtale med den kjære mor si heime i Gaza. At filmpremieren vart framskunda, er berre altfor opplagt, midt i den forferdelege krigen han og familien no er oppi. Det får opptaka hans frå tidlegare konfliktfylte tider til å bleikna mot det som no går føre seg.

Det er i denne samanstillinga Life is beautiful har sin styrke. Som dokumentar har filmen for lite framdrift og krumspring til å fengja meg som sjåar, utover dei opplagt viktige tematiske vinklingane. Noko som ikkje kan seiast om Mirakelet i Gullspång!

Smörgås av ein film

Herre jemini, for ei historie! Mirakelet i Gullspång er det villaste eg har sett (eller høyrt, for den del) på evig lenge. Alt frå starten skjønar ein at det ikkje er lagt opp til nokon tradisjonell dokumentar, ved ei overlagt komisk klypping der dei godt vaksne nordnorske systrene prøver å forklara at det er eit Guds mirakel at den eine av dei enda med å kjøpa leilegheita, nemleg bileta som heng på kjøkenet under visninga. Dei symboliserer den heilage treeininga, må vita. Og utan dette hadde dei aldri treft det som viser seg å vera ein ukjend tvilling til den avlidne systera deira.

Og dette er berre starten på dokumentaren, alt dette skjer i løpet av det fyrste kvarteret. Det som utfaldar seg seinare, kunne du ikkje ha dikta opp om du hadde aldri så god fantasi. Ikkje at den elles minner om den underlege sannkrimserien The Jinx, men Mirakelet i Gullspång hamnar likevel i litt den same kategorien. Mest hamnar filmen i kategorien usannsynleg, underhaldande dokumentarar som du sjeldan får sjå på kino, så heldigvis kjem denne perla på kino frå neste veke.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis