JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Nok ein filmfestival

Og kjekt er det for alle som bur i eller reiser til hovudstaden 8.–13. juni.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå Rachel Langs film Baden Baden.

Frå Rachel Langs film Baden Baden.

Foto frå filmen

Frå Rachel Langs film Baden Baden.

Frå Rachel Langs film Baden Baden.

Foto frå filmen

3302
20170609
3302
20170609

Oslo Pix 2017

Oslo ser seg monn i nok ein filmfestival, noko som er godt nytt for alle filminteresserte. Om ein då likar å forsera desse festivalane, så lyt det seiast at Oslo Pix ikkje byr på eit overvettes originalt program. Profilen er som på så mange andre festivalar, ei blanding av amerikansk indie, førpremierar og festivalgjengangarar frå det større utland enn USA. Men som også hyppige filmfestivalgåarar veit, får ein sjeldan med seg meir enn ein brøkdel, så eg gler meg til å sjå både filmar eg har gått glipp av, og filmar eg har sett fram til. Her kjem tre eg har sett og vil tilråda:

Baden baden
(regi: Rachel Lang):

Denne filmen hadde eg sjølv gleda av å presentera som representant for Norsk Filmkritikerlag under TIFF (Tromsø Internasjonale Filmfestival) i januar. Filmen er ein treffsikker dramakomedie om den sterke, men noko retningslause Ana, som med varierande hell prøver å bygga opp att livet sitt og relasjonen til heimbyen. Humoren ligg i fleire lag, både på overflata med direkte komikk og på underflata i det trivielle, men samstundes frustrerande med tilværet som arbeidslaust, ungt menneske i dagens Europa. «Ein film om alt og ingenting, som ein lang Seinfeld-episode i fransk arthouse-stil», skreiv Financial Times i ei begeistra melding.

24 uker (regi: Anna Zohra Berrached):

Kva gjer du når du etter nesten fire månader med barn i magen finn ut at ungen ikkje berre kjem til å vera multihandikappa, men høgst sannsynleg vil døy enten før fødselen eller rett etter? Astrid i filmen lyt ta stilling til den lovlege seinabortstida i Tyskland, 24 veker. Ikkje berre vil ho gjerne ha barnet, ho er også komikar og kjendis, så valet vil få konsekvensar for meir enn berre familielivet. Ikkje nokon feelgoodfilm, kan du trygt seia, men viktig, spennande og lettfatteleg trass i kor ufatteleg vanskeleg ei slik avgjersle er.

Kaisa’s enchanted forest(regi: Katja Gauriloff):

Eg er vanlegvis ikkje nokon stor tilhengar av såkalla hybridfilm (blanding av dokumentar og fiksjon), men arkivmaterialet frå den sveitsiske forfattaren Robert Crottets reiser til skoltesamane i Finland på 50-talet er vel verdt å få med seg. Både lydopptaka av Kaisa og dei flotte svartkvittbileta fortel historia om denne minoriteten som i dag tel kring 700 menneske. Kaisa var oldemor til den finske regissøren, og vert presentert som ein av dei siste historieforteljarane til skoltesamane.

Kva eg skal få med meg:

Trass i god tilgang til dokumentarar gjennom nett-TV, er eg framleis utruleg glad i å sjå dei på stort lerret. Ein av desse er A German Life, eit portrett av sekretæren til propagandaminister Joseph Goebbles. Brunhilde Pomsel vart 106 år, og fortel om då ho jobba for nazistane. Også A Modern Man er ein dokumentar eg må prøva få med meg – om gullguten Charlie Siem, fiolinist, modell og kjendis på leit etter meininga med livet. Også I’m Not Your Negro med forfattar James Baldwin som hovudkarakter, ser eg fram til – denne melder eg neste veke, så får eg sjå om forventningane vert innfridde.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trass i god tilgang til dokumentarar gjennom nett-TV, er eg framleis utruleg glad i å sjå dei på stort lerret.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis