Nær på nære på
Vitals hadde vore eit meir enn rørande innblikk i koronakvardagen utan den insisterande rørande musikken.
Dokumentarfilmen følgjer pasientar og helsepersonell på eit sjukehus i Sabadell i Catalonia.
Foto: HBO
Dokumentar
Regi: Fèlix Colomer
Vitals (orig. tittel: Vitals. Una Historia Humana)
Med: pasientar og helsepersonell ved Parc Tauli sjukehus i Sabadell
Miniserie HBO
Det siste som freistar i desse muterte tider, er å sjå tre timar med rein koronadokumentar – tenkte eg, før eg likevel sette meg ned for å sjå korleis livet i Spania var under den fyrste nedstenginga.
Spanske sjuke
Konseptet for Vitals er ganske rett fram: Kameraet fylgjer nokre personar som på ulike vis er tilknytte sjukehuset i Sabadell utanfor Barcelona.
Særleg kjem ein innpå to av sjukepleiarane, Isa og Silvia, då dei finaste klippa dreiar seg om den daglege sykkelturen deira gjennom den stille bydelen på veg til jobb. Småpraten til desse to særs sympatiske menneska gjev ei god, gjenkjenneleg ramme som gjer at ein fort føler at dette kunne like godt vore her.
Sorg og glede går side om side på eit sjukehus, og sjølv om det mildt sagt er ulike helsetilhøve rundt i verda, er den universelle omtanken folk har for kvarandre når nokon lir naud, den same. Det kan vera godt å bli påmint om når me går og studerer vår eigen koronanavle.
Såpemusikk
Når nokon er alvorleg sjuke, når dei ligg med slangar ned i halsen, neddopa så augeloka og munnvikene heng, slik som dei mange pasientane på Parc Tauli-sjukehuset, då er det ekstra lett å sjå for seg sine eigne nære. Og då er det ekstra lett å fella nokre tårer, og også totalt overflødig med den forferdeleg sentimentale musikken dei trær ned over serien i tide og utide.
Det går frå å vera ein sober dokumentar til å bli reinaste torsdagsfilmen på TV Norge. Så skjemmande bruk av musikk er heldigvis sjeldan ein ser, og på eit vis blir eg van med det. Men det gjev nokre lite heldige assosiasjonar til dårlege spanske såpeseriar som ikkje kler resten.
Eg saknar også at det blir fortalt meir om kva underliggjande sjukdomar pasientane har, særleg unge Vanessa, som verkar underernært, og som er den som klarast kritiserer behandlinga ho får. Det er elles mange glansbilete, så ho bidreg til å nyansera biletet og hadde tolt å få endå meir eksponering.
Det nesten tristaste med Vitals er å observera optimismen som rår når serien avrundar opptaka i slutten av mai…
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.