Film

Når nettet blir mørkt

Er Q endeleg avslørt?

Frå dokumentarserien som handlar om QAnon-rørsla.
Frå dokumentarserien som handlar om QAnon-rørsla.
Publisert

Dei siste par åra dukka ei ny rørsle opp – dei kalla seg QAnon og støtta fullt ut Donald Trump og dei villaste konspirasjonsteoriane nettet kunne takla. Og når det vanlege nettet ikkje orka meir, stod plattformer som 8Chan klare.

Plattforming

Om du er ein podkastslukar, har du kanskje høyrt Rabbit Hole, som mellom anna hamnar nedi holet der internettrørsla QAnon er å finna – den mystiske figuren som klarte å fyra opp ei rekkje ytterleggåande høgrevridde, kristenkonservative YouTube-vertar som gladeleg stiller opp og fortel kvifor dei har slik tru på denne anonyme «fyren». (Alle trur det må vera ein mann.)

Og er det eigentleg ei gruppe som arbeider under namnet Q? Massesuggesjonen til Q over verdsveven førte til at folk blei drepne då Capitol vart storma for eit par månader sidan. Den einaste plattforma som lét han og følgjarane dura på, var 8Chan, ein stad som har tilrettelagd for så mykje guff, inkludert moskéskytinga på New Zealand, der gjerningspersonen verkeleg sette Q på kartet ved å sitera mottoet til QAnon: «Where we go one, we go all», eit sitat teke frå B-filmen White Squall (1996).

Eg blir dregen mot denne slags avsløringsdokumentarar som mot eit bilkrasj – eg vil ikkje eigentleg sjå, men eg klarar ikkje lata vera heller.

Klype salt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement