JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mykje gin og lite Dickens

Grandmother byr på ein halvhjarta sjarmetappe frå Charlotte Rampling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Charlotte Rampling spelar hovudrolla som bestemor til unge Sam (George Ferrier).

Foto: Another World Entertainment

3607
20220617
3607
20220617

Drama

Regi: Matthew J.
Saville

Grandmother (Orig. tittel: Juniper)

Med: Charlotte Rampling, George Ferrier, Martin Csokas, Edith Poor
Kinofilm

Unge Sam (Ferrier) slit etter at mora døydde, og faren (Csokas) sende han på kostskule. Når den til no fråverande, alkoholiserte bestemora Ruth (Rampling) kjem på langtidsbesøk som rekonvalesens, får han endå ei utfordring han kunne klart seg utan.

Charlotte Dickens

Kom ikkje her og sei at det nokosinne er for seint å bli ei skikkeleg kjerring! Eller rettare sagt: At du knapt har hatt kontakt med barnebarnet ditt, gjev deg ingen grunn til å oppføra deg hyggeleg og sivilisert når du på dine gamle dagar får sjansen.

Som Charles Dickens tydeleggjorde allereie i 1843 med Scrooge-karaktern sin: Å gå frå kjip til kjekk kan vera ein vinnar forteljingsmessig, men då forventar ein gjerne meir som sjåar, sidan formelen er så velkjend.

Kven som skal spela hovudperson, vil også vera avgjerande, og då tenkjer du kanskje at med Charlotte Rampling kan ein jo ikkje trø feil. Og det har du på eit vis rett i, på andre sidan følgjer same forventning og dermed same fallhøgde. Og her blir det eit godt dunk i bakken for min del.

Legenda

Mykje ser verkeleg bra ut i Grandmother – dei grøne newzealandske bakkane, det koselege, gamle huset på landet, nittitalsbilane, Sam og kostskulevenene hans og – innlysande – Charlotte Rampling. 75-åringen har over 50 år bak seg som filmskodespelar og modell. (Og ein kuriositet: Ho var gift med synthesizerkongen Jean-Michel Jarre i tjue år.) Rampling er ei av dei kvinnelege tilårskomne skodespelarane som ser ut til å ikkje ha grunn til å klaga på aldersdiskriminering, ein kan snarare hevda at karrieren hennar har toppa seg etter nådd pensjonsalder. Andrew Haighs finfine 45 år (2015) sikra henne ei røys prisar og ein Oscar-nominasjon for den sterke hovudrolletolkinga.

Og då er me tilbake til den fallhøgda. Om filmen så skulle vore spesialskriven for Rampling, kjennest det likevel halvhjarta og sjablongaktig, der ho stirer surt ut i lufta eller slenger umotiverte stygge slengmerknader etter barnebarnet. Det er ikkje nok å sjå fantastisk ut og sitta med det som skal førestilla eit glas gin i handa mens du lirer av deg linjene dine, Charlotte.

Anonym alkoholikar

Det er sterke tema som vert tekne opp, frå kreft til sjølvmord, men dialogen og manus maktar ikkje formidla alvoret på truverdig vis. Det er debuten til skodespelar Matthew J. Saville, både som regissør og manusforfattar, eit for så vidt lovande fyrsteforsøk, men filmen hadde vunne mykje på eit betre manus, rett og slett. Det er grenser for kor mykje skodespelarane kan prestera med eit middels bra grunnmateriale.

Og når Sam ganske tidleg i filmen fyk av garde på motorsykkelen sin, over dei nydelege heiane, med eit tau i neven, så er tenåringsguten med all sin angst ikkje nok etablert til at det verkar overtydande kva han faktisk er i ferd med å gjera. Heller ikkje det at bestemor er alkoholikar, er særleg godt etablert – viss det er så avslappande å vera alkoholikar, så kanskje eg skal vurdera det til alderdommen sjølv. Heller ikkje det komplekse far-son-forholdet framstår som særleg komplisert når det kjem til stykket. Grandmother feilar i den einaste jobben filmen har, nemleg å gjera oss rørte, som når Ebenezer Scrooge til slutt lærar seg å elska jula.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om filmen så skulle vore spesialskriven for Rampling, kjennest det likevel halvhjarta og sjablongaktig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis