Munch funkar
Til å sjå ut som ei tinging frå Munchmuseet fungerer filmen godt.
Anne Krigsvoll i rolla som den gamle Edvard Munch.
Foto: Agnete Brun
Dokudrama
Regi: Henrik M. Dahlsbakken
Munch
Med: Alfred Ekker Strande, Mattis Herman Nyquist, Ola G. Furuseth, Anne Krigsvoll
Gjennom fire skodespelarar får Edvard Munch liv: den unge kunstnaren ein sommar i Vestfold (Strande), den halvunge kunstnaren i Berlin og hans bohemske gjeng av likesinna (Nyquist), ein vaksen, alkoholisert Munch på sjukehus i København (Furuseth) og til slutt som den gamle mannen på Ekely (Krigsvoll).
Livsfrisa
Han er effektiv, filmskaparen Henrik M. Dahlsbakken, både med produksjonar (dette er tredje filmen hans eg ser på kino på under eit halvt år) og med å koma i gang med filmen om Munch: Dei fire versjonane rullar over skjermen til brusande musikk, vekslande breiddeformat og svartkvitt/farge, som for enkelt å illustrera ulike epokar.
Når materialet er såpass uoriginalt, reddar Dahlsbakken seg ved å presentera det på ein original måte. Særleg delane frå Berlin fungerer godt, då filmen brått er sett til ei nyare tid og August Strindberg dukkar opp på mobilskjermen. Det anakronistiske krumspringet verkar forfriskande, særleg ved å ta den utsvevande omgangskretsen til Munch med på ein technoklubb som Berghain, dagens symbol på hard festing og dekadent livsførsel og samtidig ein stad for dei etablerte trendsetjarane.
Inspirert av
Kanskje Dahlsbakken kan ha hatt Woody Allens Midnight in Paris (2011) i tankane, der kjendisar som Gertrude Stein og Ernest Hemingway dukkar opp som spennande krydder i forteljinga. Gustav Vigeland kranglar med Sigbjørn Obstfelder, Dagny Juel flørtar med både Munch og mannen som kan henda tok livet av henne i Tbilisi i 1901, Stanislaw Przybyszewski.
Den frie diktinga kring denne festkvelden tek ikkje vekk det faktumet at denne imponerande gjengen faktisk var Munchs samtidige kompisar. Både August Strindberg og den eldste Munch-versjonen vert spelte av kvinner, eit grep som kanskje verkar meir motivert av Bob Dylan-filmen I’m Not There (2007) enn som noko filmskaparen har kome på sjølv. Det fungerer uansett godt og ikkje på langt nær så påteke og krampaktig som det kan høyrast ut.
Anne Krigsvoll tolkar den aldrande kunstnaren på overtydande vis der han harkar og hostar og sullar rundt i store støvlar. Krigsvoll liknar til og med på det siste sjølvportrettet Munch laga, rett nok godt hjelpt av både sminke, kostyme og lausnase – viss Nicole Kidman kunne det som Virginia Woolf, kvifor ikkje Anne Krigsvoll?
Munch light
Dei mange friske grepa er kan hende henta frå andre filmar, men det trekkjer ikkje dermed automatisk ned kvaliteten. Særleg dei grafiske verkemidla, som Munchs eigen måla himmel over han og venene som går over den nedlagde flyplassen Tempelhof, tek seg nydeleg ut. Hovudinntrykket er likevel at filmskaparen og dei dyktige medskaparane hans lagar ei trygg framstilling av Munch til sjuande og sist.
Filmen kjem ikkje med ny informasjon eller nye aspekt ved kunstnaren og mannen. Både starten og særleg slutten kjennest litt som eit tingingsverk frå Munchmuseet, eller ein TV-produksjon av typen dokudrama til undervisningsbruk, meir enn ein kinofilm. Sjåverdig og underhaldande er han uansett, og i den grad Munch er ein av dei største kulturelle eksportmerkevarene våre, vil ein fordøyeleg og fornøyeleg variant som denne kunna gå relativt lett inn mange utanlandske kino- eller strøymedører.
Munch er teken ut som opningsfilm på filmfestivalen i Rotteram, som går før seg no.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.