Multibegeistra
Thomas mot Thomas er tankevekkjande morosam og frydefullt vellaga.
Filmen er unorsk og urnorsk på same tid, meiner Brit Aksnes.
Foto: Maipo film / Nordisk Film distribusjon
Komedie
Regi: Jakob Rørvik
Thomas mot Thomas
Med: Arthur Berning, Filip Mathias Eide, Hege Schøyen, Silje Storstein
Kinofilm
Fysikkprofessor Thomas (Berning) har to ting han prøver å få tid til: den store artikkelen han vil få publisert, og som beviser at multiverset eksisterer, og så den tiårige sonen, Aleksander (Eide). Ein heil haug med Thomas-utgåver gjer sitt beste og verste for å krølla til på kvar sin kant.
Hovudrollene
På klingande stavangersk kastar Thomas deg inn i ei tankerekkje som straks høyrest ut som ein galen filosofiprofessor, men så er kan henda ikkje vegen frå kvantefysikk til filosofi så lang heller. Arthur Berning knyter eg hovudsakleg til rufsete, sjarmerande biroller, gjerne ein freidig dagdrivar eller ein noko slaskete rundbrennar, kompisen eller eingongsligget til nokon.
Så korleis fyller han rolla som ambisiøs akademikar? Heilt strålande og med nøyaktig dei same karakteristika som før. Eg kan knapt tenkja meg ein betre skodespelar til å fylla dei mange skoa til Thomas.
Der eg vanlegvis kan verta meir enn stressa over at same person skal spela mange roller på same tid, så ensar eg det knapt her. Kanskje fordi dobbeltgjengarane ikkje skal vera ekte, kanskje fordi dei er så mange, men mest fordi han formidlar dei utruleg godt.
Prisverdig
Klippinga til Thomas Grotmol skal også ha mykje av æra, for her er det så saumlaust at ein rekk ikkje stussa før neste sekvens er i gang, så hatten av – dette er prima handverk. Ein tenkjer kanskje ikkje alltid så mykje på denne enormt viktige jobben, men her legg ein verkeleg merke til at nokon har jobba hardt.
Det enklaste å samanlikna med er kanskje Being John Malkovich (1999), men trass i desse Thomas-versjonane er handlinga i Thomas mot Thomas langt frå sprø. Tvert imot er det foreldreskap som er hovudtemaet. «Det finst ingen Nobelpris for årets far», seier kyniske-Thomas-karakteren og oppsummerer slik den største trugselen for ein framtidig einsam Thomas som sviktar sonen slik han sjølv aldri hadde ein far.
Hege Schøyen i rolla som mor er utruleg rørande og velspelt, og medan Thomas aldri klarar leggja frå seg draumen om den ukjende faren som skal dukka opp når han tek imot Nobelprisen i fysikk, får mor adressert eit viktig og underkommunisert poeng, særleg i kunsten: Kvifor er det ikkje ho, som har stått last og brast ved hans side, som får dukka opp i denne draumen?
Multiuniverselt
Thomas mot Thomas er unorsk og urnorsk på same tid, får eg diffust lyst å seia: unorsk fordi filmen har eit preg av noko universelt og «europeisk», urnorsk fordi rammene er så gjenkjennelege. Regissør og manusforfattar Jakob Rørvik klarar såleis å løfta filmen opp på eit nivå som appellerer breitt.
Etter fleire kortfilmar debuterer han i langt format på ein særs vellukka måte. Eg ler lett og mykje og blir samtidig ofte rørt av det sårbare i situasjonane. Det å stadig jaga ambisjonar er i verste fall strevarsk for Thomas forskaren, men når det er på vegner av sonen, er Thomas faren ute å køyra. Oppi alt det tematisk alvorlege, og sjølv om dette knapt er ein klassisk lettliva komedie, er summen av alle Thomasane ei usedvanleg, men tilgjengeleg filmoppleving eg unner alle å sjå. Faktisk!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Klippinga til Thomas Grotmol skal også ha mykje av æra.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.