Mot i brøsta
Denne turen kunne eg lett stått over.
Janne Formoe, Line Verndal og Ida Ursin-Holm spelar trioen som er på jentetur med typiske aktivitetar som spa.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Komedie
Regi: Katarina Launing
Jentetur
Med: Janne Formoe, Line Verndal, Ida Ursin-Holm
Kinofilm
Det skal ikkje vera lett å vera Linda (Formoe), fråskild mor i førtiåra med eit komplisert forhold til eksmannens nye, unge sambuar og influensarkjendis Jeanette (Ursin-Holm). Samtidig blir det krøll på alle trådar når besteveninna Sigrid (Verndal) viser seg å henga med nettopp Jeanette. Her er det berre å ha seg til høgfjellshotells!
Bobleklossar
Intrigar, drama, sjalusi, desperasjon, sjampis, sjokolade, meir intrigar, meir sjampis og masse meir sjokolade – klassisk for ein skikkeleg jentefilm, ikkje sant? Nei, vent, jentefilmar kan sjølvsagt òg vera på kanten, så her må det masse snakk om sex til, og den beste ingrediensen av alt: hårvoksing nedantil. Då blir det morosamt, då!
Det burde ikkje overraska at produsentane bak nyinnspelinga av Norske byggeklosser køyrer eit tradisjonelt opplegg når dei lagar ein film med tittelen Jentetur. Originalitet og nyansar burde vera råd å få inn også i denne sjangeren etter kvart – det er over ti år sidan Bridesmaids, folkens!
Neia
Klart det skal vera lov å le av klisjeen om midtlivskrisemannen som finn seg ung, pen dame. At det ikkje nødvendigvis stemmer særleg godt, er underordna. Hemnmotivet får ikkje utfalda seg viss me prøver å laga realistiske framstillingar av skilsmisser, og utan hemn ingen komikk. Eg vil framleis seia at ørlitt finesse har aldri teke livet av nokon, og her er det så breie strok at komikken sjølvdaudar.
Når Linda akkurat har prestert å bretta ut anus via Facetime til alle kollegaene sine (!!), skjønar eg at ho gjengir dette til Jeanette og Sigrid, men sjåaren treng ikkje høyra. Kven synest det er morosamt når nokon forklarer ein vits? Det er også noko med nivået Linda drit seg ut på, som grensar til særs uintelligent, og som gjer at det er vanskeleg å lika hovudpersonen.
Ein vil liksom heia på den skakkøyrde protagonisten, men når denne driv det så langt, både mot barn og dyr, glir det over i ubehag, og då sit ikkje latteren like laust. Eller gjer han det?
Vitsen
Aldersmessig er eg midt i målgruppa for Jentetur. Aldersmessig. Eg er derimot ikkje i gruppa som ler kvar gong nokon seier «kuk» eller «knulle» eller whatever. Eit blikk på kinoannonsane som dukkar opp, tilseier at absolutt ingen menn treng bestilla billett, for denne er ymta utelukkande på bobledrikkande damer. Og med bobler meinar eg ikkje øl.
Ikkje det at ikkje alle kjønn kan kosa seg med plump, klein humor, men kvinnekjønninga er aldeles gjennomført her. Samantreffet med dei høglydte diskusjonane om venleiksklinikkar i det siste verken gagnar eller skadar jenteturen – her morar me oss ukritisk med labia- og rynkereduksjon, utan at eg eigentleg skjønar om dei er for eller imot. Eg veit berre at eg har høyrt vitsen tusen gongar før, og utruleg nok blir han ikkje morosamare med tida. Litt som med Jentetur, spår eg.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.