JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mørk dag, lys natt

Eg blir ikkje heilt klok på Natt, som er både eit pluss og eit minus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dødssjuke Emma (Guri Glans) prøver å unngå at den valdelege eksmannen (Jørgen Langhelle) skal få omsorga for borna etter at ho er død.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2607
20230113
2607
20230113

Drama

Regi: Mona J. Hoel

Natt

Med: Guri Glans, Jørgen Langhelle, Henrik Rafaelsen, Marie Louise Tank
Kinofilm

Tobarnsmor og lege Emma (Glans) får brått beskjed om at ho har berre nokre månader att å leva, og då hastar det med å få avklart at den valdelege eksmannen (Langhelle) får omsorgsansvar for ungane. For at veninna (Tank) skal få hovudomsorga, må Emma gjennom eit rettssystem og møter heldigvis på juristen med hjarte av gull (Rafaelsen).

Kamera går

Det er relativt kort tid sidan sist Mona J. Hoel-film hadde kinooppsetjing, då med dogmeinnspelte Skal dere gå allerede? (2019) som hadde lege over ti år urørt før han blei klipt saman. Den handhaldne kamerastilen med naturleg lyssetjing, altså Lars von Triers dogmemetode, er for det meste bytt ut med profesjonell kameraføring.

Eg seier «for det meste» fordi ein del av klippa frå Nord-Noreg til tider er så grumsete og uklare at eg knapt kan tru det er same Andreas Hoft som filmar både dette og resten av filmen. Det gjev eit amatørpreg til delar av filmen som eg synest bryt med den proffe og nesten glatte produksjonen elles. Men det kan vel vera tilsikta, all den tid hovudpersonen opplever ei meir grumsete røynd sjølv på akkurat denne turen nordover?

På liv og død

Det skortar ikkje på dei store spørsmåla i Natt, likevel brukar ikkje eigentleg regissøren tida på Emma for å utbrodera vidare at ho faktisk skal døy om kort, kort tid. Her er det viktigare å få fram at ungane er det einaste som betyr noko, at dei må få veksa opp trygge og gode, sjølv utan mor.

Byråkratiet går sin gang, akkurat som livet sjølv, men den bitre pilla vert godt sukra av Asbjørn, juristen, som kjem inn som ein slags byråkratriddar i beige rustning. Tilbakeblikka på eksmannen Falk, godt tolka av no avdøde Jørgen Langhelle, overlèt ikkje noko til tvilen. Her er det ikkje snakk om samværssabotasje, men om å redda borna frå ein psykopatisk mann og far.

Til å ta opp eit så alvorleg tema er Natt underleg rett fram og nærast konvensjonell i tilnærminga. Kanskje det å døy av kreft er så vanleg, i alle fall på film, at den store bøygen er korleis ein skal etterlata verda, heller enn det å faktisk forlata henne? Det er i så fall ei særs interessant vinkling som på eit vis kjennest frigjerande, om enn litt forvirrande. Mona J. Hoel får i gang tankekverna samtidig som ho lagar eit slags romantisk TV-drama, og den kombinasjonen vil eg seia eg ikkje så ofte støyter på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis