Metamøte på saueøya
Mia Hansen-Løve byr opp til dans med førebiletet sitt, mens eg prøver å ha ironisk distanse på vegner av oss alle.
Amy (Mia Wasikowska) og Joseph (Anders Danielsen Lie) i filmen frå øya der Ingmar Bergman budde store delar av livet.
Foto: Selmer Media
Drama
Regi: Mia Hansen-
Løve
Bergman Island
Med: Vicky Krieps, Tim Roth, Mia Wasikowska, Anders Danielsen Lie
Kinofilm
Regissørparet Chris (Krieps) og Andrew (Roth) har skriveopphald på Fårø, øya der Ingmar Bergman budde store delar av livet. Begge skriv på eit nytt manus, og Chris kjenner på presset for å få på plass forteljinga om Amy (Wasikowska) som ikkje klarar å slutta tenkja på eksen Joseph (Lie).
Klubbmøte
Når eg ser Bergman Island, drøymer eg meg tilbake til dei dagane eg var ung filmklubbgjengar, slukte Ingmar Bergman-filmar og følte meg opplyst og kulturell og på veg til å skjøna greiene her i livet. På mange måtar kjennest det som om det er litt det regissør og manusforfattar Mia Hansen-Løve gjer òg ved å laga denne filmen.
Skamlaust set ho seg sjølv inn i det landskapet som farga både han og filmane hans, og seg sjølv via hovudpersonen, regissøren Chris, som ein slags sidestilt storleik. Det er forfriskande, sidan ein så ruvande karakter som Bergman framleis kjennest heilag, trass i at han på ingen måte var nokon helgen.
Det vert heldigvis aldri lagt skjul på at både Chris og Andrew er uttalte fans og ikkje heva over å vera med på guida Bergman-busstur saman med andre meir eller mindre pretensiøse turistar.
Metametning
Sjølve forteljinga, som deler seg mellom Chris og hennar forhold til mannen sin og Amy og hennar forhold til sin mann, påpeikar ikkje så mykje meir enn at alle er si eiga øy til sjuande og sist. Det er både djupt og aldeles for overflatisk, så eg blir ikkje så mykje klokare på nokon bodskap.
Eg ler av og til av dei medverkande, som om eg ser ein veldig lett versjon av The Square (2017), Ruben Östlunds festlege kultursnobbkritikkfilm. Samtidig er ikkje Hansen-Løve ein regissør eg knyter til ironi og humor, noko eg føler at ho prøver å seia også gjeld Bergman, og det er eg i så fall ikkje samd i.
Eg blir kan henda fanga av mine eigne like kultursnobbete oppfatningar av Bergman, så om det blir ein metafilm for Hansen-Løve, så får eg seia at eg kosar meg med å le litt av meg sjølv, både dagens og nittitalets filmklubbgåarutgåve.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg ler av og til av dei medverkande, som om eg ser ein veldig lett versjon av The Square.
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?